1. april 1940 sette storparten av offiserane i Bergen seg ned for å ete frukost om bord i «Statsraad Lehmkuhl». Dei var arbeidslause.

**Ved større** markeringar og forteljingar på nasjonalt nivå kjem Vestlandet ofte inn i det skuggelandskapet som alltid vil finnast hos historikarar og i media. Alle kvardagar kan ikkje hentast fram att. Eit utval av hendingar blir trekte fram.

Slik var det ved 1814-jubileet i 2014, og slik er det også no rundt 75-årsminnet for det tyske angrepet på landet vårt. Vi blir tatt attende til Oslo, Gudbrandsdalen, Valdres, Narvik og til general Fleischers tragiske lagnad. Tause og med hatten i høgre handa stod vestlendingane der. Kva gjorde dei denne lagnadstunge natta og morgonen, den 9. april, og vekene etter?

Det tyske angrepet på Norge bygde på prinsippet om Blitz-Krieg, lynkrig. Dersom nokon ønskjer å studere korleis denne militære strategien fungerte, må den tidlege morgonsida den 9. april i Bergen vera eit framifrå lærestykke. Før bergenserinnene hadde fått kam i håret, før mannfolka hadde kjent det friske magedraget frå rullingsen sin, var byen tatt. Fullstendig i tyske hender. I tillegg blei mineleggjaren «Uller» kapra stillferdig og utan kamp på Laksevågsida.

Klokka 09.00 åt storparten av dei norske offiserane med tilhald i Bergen fellesfrukost om bord i «Statsraad Lehmkuhl», som var ankra opp og belagd ved Marineholmen. Vi får tru at frukosten var erkebergensk: Nytrekt kaffi med sukker og fløyte, egg og sild, hermetisk brisling i olje frå Askvoll, bergenske bakarspesialitetar som langebrød og bergenskringler, bringebærsyltetøy frå Drægni, geitost frå Tyssebotn, spekepølse frå Evanger og nykinna smør frå Bergens meieribolag, som også laga gammalost. Rømmen som blei smør, kom truleg frå mjølkeprodusentar i Fyllingsdalen.

Dei norske offiserane var rett og slett arbeidslause. Det einaste som stod att, var at dei måtte skrive under på ei erklæring at dei ikkje lenger skulle kjempa mot det tyske riket. Leiande offiserar som til dømes kommandørkaptein Kjelstrup, skreiv under på denne erklæringa saman med storparten av dei bergenske offiserane.

Om morgonen den 9. april blei det ikkje tatt krigsfangar i Bergen. Det skjedde først dagen etter, den 10. april, og blei kunngjort på eit fellesmøte mellom norske og tyske offiserar på Terminus hotell. Under ein inspeksjon hadde tyskarane nemleg funne mobiliseringsordre i jakkelommene på nokre unge syklistar lenger oppe i byen. Det er orlogskaptein E.A. Steen som skriv dette i «Norges Sjøkrig 1940— 1945».

Ære og æreskodeksar er viktig i dei fleste krisesituasjonar. Ære er bunde opp til folkepedagogiske utsegner som: «Kvinner og barn først» eller «Kapteinen er siste mann som går frå brua». Natt til 9. april er det dei som bryt desse æreskodeksane som på eit vis reddar Vestlandets ære. Paradokset er komplett.

Slike offiserar var kommandørkaptein I. Evensen, generalmajor W. Steffens og ikkje minst kontreadmiral Carsten Tank-Nielsen, til stades over alt dei fyrste hektiske døgera, men blei sjukmeld i Balholm etter ein trasig episode. Han blei send til Fjærland og kom aldri att i aktiv teneste.

Desse høgtståande offiserane såg alt i femtida om morgonen at Bergen var tapt. Dei kom seg til Heradshuset på Nesttun, derifrå med tog til Voss, etablerte eit standkvarter på Fleischer's Hotel på Voss og i Finnegården der. Frå Voss drog dei opp nye strategiar, og såg at tyskarane sin frammarsj måtte stoggast i Hardanger og Sogn. Til Hardanger og Sogn blei fly sende frå stasjonen på Flatøy, marinefartøy i bergensområdet sameleis. I Hardanger blei eit sjøforsvarsavsnitt etablert i Uskedalen. Flygruppa fekk stasjon i Eidfjord. I Sogn blei Balholm og Kviknes Hotel nytt standkvarter.

Dei mobiliserte også skyttarlaga i Hardanger og Sogn, kjerneområdet for våre beste skarpskyttarar heilt opp til nyare tid. For fyrste og siste gong blei kongstanken frå 1880-åra til Venstre-hovdingen på bygdene, stortingsmann Lasse Trædal frå Høyanger, gjort til røyndom. Folkevæpninga fungerte. Med Uskedalen, Odda, Ulvik og Balholm som senter. Folkevæpninga stilte med fleire hundre mann i Odda og i Balholm.

Desse frivillige tok enorme sjansar, franktitørar som dei var. Dei kunne avrettast ved standrett som alle væpna personar utan uniform i krigssituasjonar. Likevel tok dei ned geværet sitt, gjekk på krambua og kjøpte nye sko og vindjakker. Klar til innsats: — No skal jaggu tyskarane takast, hermer dei etter ein esefjording før han gjekk inn i Engelsk-kyrkja i Balholm, som var vaktlokale for folkevæpninga. Han hadde tevla med tyskarar i årevis om dei beste fiskeplassane i fjorden. Det låg tyske krigsskip i Esefjorden både sommaren 1938 og 1939. Vestlandet fekk gjennomgå, særleg dei siste vekene i april. Voss blei sønderbomba gjennom to helvetesdøger. Ulvik blei meir eller mindre jamna med jorda. Det fall bomber over Bjordal, Odda, Leikanger, Hermansverk, Flåm, Esefjorden, på Nordeide, ved Losna. Engelske fly bomba Bergen hamn og sende «Kønigsberg» ned i mudderet. Luftvernalaramar sende folk til skogs i uendeleg angst. Folk flytta frå husa sine.

Landsdelen skalv, heilt til 1. og 2. mai då alt var over. Den 2. mai senka norsk marinepersonell mineleggjaren «Djerv» i Kvamsøy for at fartøyet ikkje skulle komme i tyske hender. Resten av marineflåten på Vestlandet fekk ordre om å samlast i Florø. Der ifrå skulle dei stikke over til Storbritannia. Det skjedde ikkje. Tyskarane overtok fartøya utan kamp etter ordre frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Dette fortel om det sivile kaoset som også det tyske angrepet førte til, og som blei utnytta av norske høgrepopulistar gjennom Nasjonal Samling. Dei dramatiske vekene etter 9. april var også vestlendingane sitt nederlag, men dette nederlaget blei, og blir, delvis fortrengt i historia og i minna hos folk flest. Vi talar om eit «Fortrengt nederlag».