Kronikk av Georg Arnestad

I modellane og teoriane til desse økonomane er regionar eit framandord. «Distriktene», som dei helst kallar det inne i Oslo, vert sett på som ein utgiftspost. I kulturpolitikken er det hovudstadens kunstelite som rår, godt hjelpt av eit Kulturdepartement som har stroke nemninga region frå ordbøkene sine. Og lokalpolitikarar som kjem på Stortinget, vert etter kort tid, paradoksalt nok, den norske sentralstatens beste forsvarar.

Frå mange regionar vert det hevda at tida no er overmoden for å bryte sentralmaktas og osloområdets økonomiske og hegemoniske makt på alle plan. Meir enn nokon gong treng vi eit reelt folkestyre og ei sterk desentralisering av pengar og makt. Likesæla ved haustens kommune— og fylkestingsval viste dette klart. Men dei ulike regionaliseringsinitiativa rundt om i landet er likevel mest å rekne som krusingar på ei roleg overflate. Korkje etableringa av Vestlandsrådet eller planar om nye regiondanningar i sør, nord eller aust får departementsbyråkratar, statsrådar eller lojale stortingsmenn til å skjelve særleg i buksene. Ingenting skjer. Anna enn at fylkeskommunen forvitrar. Og om kort tid står vi kanskje att med ein endå sterkare stat og fleire avmektige kommunar.

Men det finst ein annan utveg. Ein utveg som for stadig fleire står fram som det beste alternativet: Regionalisering og regionalt sjølvstyre. Vi får eit rikare og klarare profilert Noreg ved mangfald og skaparkraft i regionar som sjølve bestemmer over sine eigne ressursar. Det som er til beste for regionen, er også best for landet. Berre hovudstaden aleine tener på at sentraliseringa held fram.

Som ofte før i historia er det Vestlandet som no nyteiknar noregskartet, og viser vegen inn i den regionaliserte framtida. Vestlandet, frå Møre til Jæren, er den mest kraftfulle regionen i Noreg. Ingen annan landsdel disponerer så store ressursar. Vestlandet produserer og eksporterer langt meir enn dei andre regionane; olje, gass, fiskeri og havbruk, reiseliv, metallurgisk verksemd, møblar osv. Men det er i hovudsak Oslo som har tenesteytinga, og som skummar fløyten av denne produksjonen. Kunnskapskrevjande privat, bedriftsretta tenesteyting er undervikla på Vestlandet, som i dei andre regionane utanfor Oslo. Det same gjeld forsking og høgare utdanningsverksemd. Og denne utviklinga har akselerert siste tiåret. Konsentrasjonen kring hovudstaden av både bedriftsretta og offentleg tenesteyting har vakse sterkt.

Kampen for ein sjølvstyrt region har kome lengst på Vestlandet. Fordi mange vestlendingar no er utolmodige. Dei vil ikkje lenger at Oslo skal skumme fløyten. Statleggjeringa og sentraliseringa av helse-Noreg har også skræmt sindige vestlendingar. Vil så sindige vestlendingar no melde seg ut av Noreg, og skipe sin eigen stat? Slett ikkje. Men det bles ein folkeleg regionaliseringsvind over Vestlandet. Som det gjer også i andre norske regionar. Så langt har dette rett nok berre vore ein flau bris. Men på Vestlandet endrar vinden no både retning og styrke. Det bles opp til ein regnfull kuling frå vest. Og så sterk er kulingen, at han skal merkast godt over Langfjella. Også i toppen av regjeringsbygget i Akersgata midt i Oslo.

På Vestlandet har, av alle, ein stor finansinstitusjon teke på seg oppgåva å måle temperatur og styrke i regionaliseringsvinden. Men ikkje berre det. Denne finansinstitusjonen, Sparebanken Vest, som snart bryt ut av Sparebank 1-alliansen, arbeider også for å auke temperaturen og vindstyrken. For banken er overtydd om at ei regionalisering av Noreg vil tvinge seg fram.

Det hastar derfor å gjere dei nødvendige grepa som kan gi betre styring og fornuftige løysingar. Det siste året har banken gjennom sine vestlandskonferansar utvikla ein møtestad for nøkkelpersonar på Vestlandet. Ulike typar vestlendingar, frå politikk, byråkrati, næringsliv, forsking, media, utdanning, organisasjonar og kulturliv har kome same saman for å drøfte og tenkje høgt kring utviklinga av Vestlandet. Ikkje uventa har hovudtemaet vorte regionalisering og formell skiping av eigen vestlandsregion.

Vestlendingane er , som sagt, utolmodige. Og korkje dei eller banken stolar heilt på at det alt etablerte Vestlandsrådet har nok kraft og dynamikk i seg til å løyse dei viktige oppgåvene og utfordringane som vestlandsregionen står overfor.

Dagens vestnorske regionalisering er noko langt meir enn eit politikarprosjekt. Det som særmerkjer prosessen hjå oss, er at næringslivet går i bresjen. Og at dei fleste andre delar av det vestnorske samfunnslivet er aktivt med. Partar som ofte elles står eit stykke frå kvarandre, er i alle fall samde om eitt: Vestlendingane skal sjølve bestemme meir over framtida.

Maktkonsentrasjonen i Oslo skal brytast. Det skal takast makt og ansvar både frå stat og fylkeskommunar, og eit nytt regionalt folkevalt vestlandsting skal etablerast. Gulatinget skal gjenoppstå.

Sist måndag møttest nesten 100 vestlendingar til den tredje vestlandskonferansen i regi av Sparebanken Vest. Då vart det lagt fram forslag til eit offensivt manifest for ein styrkt Vestlandsregion. Manifestet, utarbeidd av fire akademikarar, fekk full oppslutning på konferansen. Ikkje minst av deltakarane frå næringslivet.

Berre Terje Søviknes frå Frp, to stortingsrepresentantar frå AP og H og representantar frå det nye høgrebyrådet i Bergen uttrykte skepsis. Derimot fekk regionaliseringsprosjektet solid støtte frå Høgre sine fylkesordførarar i Rogaland og i Telemark. Erna Solberg og to-nivåmodellen er ikkje lenger einerådande i Høgre.

Det nye manifestet understrekar regionaliseringa som eit nasjonalt prosjekt. Men det vert ingen Vestlandsregion eller andre regionar utan at ein utfordrar sentralstaten. Derfor skal Region Vestlandet verte eit nasjonalt prøveprosjekt: I løpet av kort tid skal makt og pengar innanfor tre viktige politikkområde overførast frå staten til Vestlandsrådet eller, som manifestet kallar det, til Gulatinget. Dei tre områda er næringsutvikling, samferdsel og kultur.

Gulatinget skal få fullt ansvar for og herredøme over dei statlege vestlandsmidlane som i dag vert løyvde til desse formåla. Staten skal utfordrast til eit nasjonalt prøveprosjekt, som det ikkje går an å seie nei til.

Manifestet set også søkjelyset på den norske grunnlova. Dette fordi det lokale og regionale sjølvstyret står konstitusjonelt svakt i vårt land. Det finst knapt noko anna land i den vestlege verda der det kommunale sjølvstyret ikkje er skrive inn i grunnlova. Manifestet ønskjer at det norske lokale og regionale sjølvstyret skal grunnlovfestast, og tek derfor til orde for ein stor nasjonal grunnlovskonferanse i 2005 i samband med 100-årsjubileet for Noreg som eigen stat.

Regionane skal også få sjølvstendig rett til skattlegging. Ein fullt opprusta kyststamveg skal vere klar innan 2010, og innan 2007 skal det gjerast vedtak om å skipe Gulatinget med direkte val. Dessutan skal Vestlandets historie skrivast. Første band kjem sjølvsagt i 2005. Sparebanken Vest vil halde fram med sine vestlandskonferansar så lenge det er behov for desse. Fram til no har konferansane vore prega av forbausande stor semje og sterk entusiasme kring skipinga av ein eigen Vestlandsregion. Som eit vekkingsmøte blant frelste på eit vestnorsk bedehus. Men ein må vere på vakt. Motkreftene er mange og sterke. Dessutan er Vestlandet heller ikkje så unisont som konferansane gir uttrykk for. Motsetningar er det mange av også i vår region.

Dei vestnorske regionalistane er godt konsoliderte, veit kva dei vil og kvifor dei vil det. No er det på tide å sleppe motførestillingane til. Det bør skje alt på neste vestlandskonferanse. Skal regionalistane lykkast, må dei klare å omvende skeptikarane. I god vestnorsk ånd må dei derfor ut på markene å drive misjonsarbeid. For det er framleis mange som er vantrugne.

VESTLANDET, ikkje berre vakker natur, som her i Bulandet i Sogn og Fjordane. Landsdelen, frå Møre til Jæren, er den mest kraftfulle regionen i Noreg. Ingen annan landsdel disponerer så store ressursar. ARKIVFOTO: SVERRE MO.