— Samanslåinga bør skje så snart som råd, og helst i samband med fylkestingsvalet hausten 2003, vedtok fylkestinget i Vest-Agder før jul.

— I Agder er dagens fylkesgrense berre i vegen. Dessutan går ho mange stader gjennom tettfolka område, slik at ho berre skaper hindringar, seier fylkesordføraren i Vest-Agder, Thore Westermoen, KrF, til Bergens Tidende.

Møte i Bergen

På Vestlandet er dei noko seinare i snuen, men også her er prosessen i gang. Vestlandsutgreiinga om ulike samarbeidsformer vart framlagt av fylkesordførarane i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland for to veker sidan. I går vedtok fylkesutvalet i Hordaland å senda utgreiinga på høyring. I dag møtest fylkesutvala i dei tre fylka på Bergen Airport Hotel for drøfta innhaldet i utgreiinga. I juni er det så venta at dei tre fylkestinga kvar for seg vil seia noko om kor langt dei kan tenkja seg å gå, og kor snøgt dei vil gå fram.

Ingen storregion

På Sørlandet har dei meir hastverk. Fylkestinget i Vest-Agder går heilt klårt inn for eit samla Agderfylke. Aust-Agder, derimot, er enno ikkje heilt klar til å kasta seg i armane på friaren frå vest.

— Vedtaket som vi gjorde før jul, rettar seg fyrst og fremst mot ein storregion med Agder-fylka, Telemark, Buskerud og Vestfold. Interessa hjå dei tre er lunken. Dette må vi få avklara, men fylkestinget i Aust-Agder ser og eit samla Agder som ei mogleg løysing. I så fall er målet å få til val til eit samla fylkesting i 2005, seier Westermoen.

fakta/agder-fylka

Vest-Agder: 7 281 km2, 156 878 innbyggjarar i 2001.

15 kommunar.

Fylkeshovudstad: Kristiansand.

Fylkesordførar: Thore Westermoen, KrF.

Aust-Agder: 9 212 km2 102 714 innbyggjarar i 2001.

19 kommunar.

Fylkeshovudstad: Arendal

Fylkesordførar: Oddvar Skaiaa, KrF