Komiteen har vedteke å opne kontrollsak i det omstridde salet av SND Invest. Granskinga vil ende med ei innstilling som kjem til behandling i Stortinget i plenum. Saka vil etter planen bli behandla i Stortinget 17. eller 18. juni.

Forutan Gabrielsen vil komiteen innkalle fem andre vitne. Det gjeld tidlegare styreleiar i SND Invest, direktør Otto Geheb, tidlegare administrerande direktør i SND Invest, Thor Svegården og representantar for dei tre selskap som deltok i «finalen» i kampen om å få kjøpe SND Invest.

Mange spørsmål

Stortingsrepresentant Kjell Engebretsen, som er ordførar for saka, seier til Bergens Tidende at det er fleire spørsmål som krev inngåande svar.

— Det er også svært gode grunnar for å trenge til botns i denne saka ettersom alt tyder på at det er mykje pengar, svært store beløp, som er rota bort. At det er omfattande planar om ytterlegare utsal av statleg eigedom og verdiar, gjer ikkje behovet for gransking mindre. Her er det viktig å sende signal til potensielle kjøparar at staten ikkje vil vere «litt laus i kantane» - ikkje så nøye på det, seier Engebretsen.

Komiteen er i tidsnaud for å få ferdigbehandla denne saka i vårsesjonen.

Vil avklare nå

— Vi er samde om at dette er ei sak som ikkje eignar seg for å ligge over til hausten. Det er viktig med ei avklaring nå, anten det har skjedd noko kritikkverdig eller om vi skulle kome til at alt er i orden, seier Engebretsen.

Eit moment i denne saka, som særleg opposisjonen er oppteken av, er å sikre seg at saka blir avslutta medan Gabrielsen er statsråd. Mange spekulasjonar går ut på at Gabrielsen er ein av dei statsrådane som er mest utsett for avgang når statsminister Kjell Magne Bondevik venteleg i nær framtid ommøblerer regjeringa.

Statsråd under press

Gabrielsen kom i vinter under sterkt press frå Stortinget etter fleire avsløringar i avisa Dagens Næringsliv om korleis salet av det statlege SND Invest var handtert. Det kom sterke påstandar om at verdiar for fleire hundre millionar kroner vart skusla bort ved salet.

Kontrollkomiteen bad i vår næringsministeren gjere greie for salet. Komiteen var ikkje nøgd med svaret og bad om innsyn i saksdokumenta.

Den tidlegare leiinga i SND Invest har i skriftlege orienteringar til Kontrollkomiteen slakta den skriftlege orienteringa Gabrielsen har gjeve til komiteen.

Etter å ha venta i lang tid på svar frå statsråden, kravde komiteen å få innsyn i alle dokumenta i saka.

Dokumenta i saka blir vakta som den mest verdifulle statsløyndomen.

Nyleg fekk komiteen overlevert 18 ringpermar med dokument som er innelåst på komiteen sitt møterom. Stortingsrepresentantane må lese dokumenta på komiterommet og får ikkje kopiar. Berre komitesekretæren har nøkkel som kan gje tilgang til dokumenta.