Under arbeidet med den nye arbeidsmiljølova vart det lagt opp til at utestasjonane ikkje skulle bli omfatta av lova. I høyringsfråsegna gjekk UD inn for at utanriksstasjonane skulle fylgje lovreglane i vertslandet og ikkje den norske lova. Det inneber ei endring i høve til dagens rettstilstand.

100 lands lover

Dette gjekk hovudverneombodet i UD, Betzy Tunold, sterkt imot. Ho viste til at ei slik line ville innebere at UD ville måtte forhalde seg til arbeidsmiljølovgjevinga i 100 ulike land. Ho meinte at det ville ha klart negative konsekvensar i høve til eit forsvarleg og systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik i utanrikstenesta. Dessutan ligg utanriksstasjonane i land med svært ulik standard og nivå når det gjeld styresett, demokratisk kontroll og respekt for menneskerettane.

«Dersom heller ikke norsk arbeidsmiljølovgiving skal gjelde, kommer stasjonene i et vakuum med hensyn til lovgivingen, noe som selvsagt ikke er akseptabelt for arbeidstakerne» skreiv verneombodet. Ho gjekk inn for at lova, med visse unntak skulle gjelde.

Tok ikkje omsyn

UD ville ikkje ta omsyn til fråsegna frå hovudverneombodet i høyringssvaret sitt. Departementet motsette seg også at fråsegna frå verneombodet vart lagt ved høyringssvaret frå departementet.

Løysinga vart at verneombodet sendte inn fråsegna si direkte til Arbeids— og sosialdepartementet (ASD), etter å ha samrådd seg med Arbeidstilsynet.

— Verneombodet har både rett og plikt til å framkome med synspunkta sine på slike viktige arbeidsmiljøspørsmål, slår inspektør Siri H. Holgersen i Arbeidstilsynet fast overfor Bergens Tidende.

Resultatet vart at ASD med Dagfinn Høybråten som sjef, fylgde verneombodet.

Lars Andersen, som er leiar for Akademikerne i UD, og Kåre Stormark, som er leiar for NTL i UD, seier begge til BT at dei sjølvsagt er heilt samde med hovudverneombodet i at arbeidsmiljølova også skal gjelde også ved utanriksstasjonane.