VIDAR YSTAD

På denne måten har regjeringspartia søkt å bygge bru mellom utbyggingsinteressene i Høgre og verneinteressene i Venstre og Kristeleg Folkeparti.

— Brei oppslutnad

Olje- og energiminister Einar Steensnæs (KrF) seier til Bergens Tidende at han reknar med at regjeringspartia på Stortinget samla vil slutte opp om framlegget. Steensnæs trur også at planen vil ha store sjansar til å få brei oppslutnad ettersom også Ap har signalisert vilje til vern.

Generelt blir det opna for å søke konsesjon for bygging av minikraftverk på inntil 1 megawatt i verna vassdrag. Vilkåret er at slike småkraftverk ikkje skal gå ut over verneverdiane, ifølgje Steensnæs. Men når det gjeld Bjerkreimvassdraget i Rogaland, blir det opna for å kunne søke konsesjon for kraftverk på inntil tre megawatt.

— Vern skal ikkje bety ei klam hand over vassdrag og ikkje passivisere lokalt engasjement, forklarar Steensnæs.

Prioritert for vern

Regjeringa går inn for å verne 52 nye vassdrag. I tillegg kjem Vefsna i Nordland som det vil bli fremja ein særskilt plan for.

Naturvernforbundet hadde prioritert vern av fem vassdrag: Naustdal/Gjengedalsvassdraget i Sogn og Fjordane, Bjerkreimvassdraget i Rogaland, Tovdalsvassdraget i Aust-Agder, Garbergelva i Sør-Trøndelag og Vefsna i Nordland. Gjngedalsvassdraget, Garbergelva, Vefsna og nedre del av Tovdalsvassdraget er ikkje med i den nye verneplanen. Steensnæs forsikrar at Vefsna skal kome med etter at lokale utbyggingsinteresser har fremja framlegg om utbygging som ikkje går ut over verneinteressene.

- Positivt overraska

Styringsgruppa som har vore i arbeid med å vurdere nye vassdrag for vern gjekk inn for å verne 64 vassdrag. NVE gjekk inn for å verne 40 vassdrag medan Regjeringa landa på 52 + 1 (Vefsna).

— Vi er positivt overraska over at Regjeringa har gått inn for å verne så mange vassdrag etter at NVE hadde gått inn for berre 40, seier generalsekretær Tore Killingland i Norges Naturvernforbund. - Men Vefsna er det aller viktigaste vassdraget for oss.

Steensnæs seier at når det blir opna for å fremje konsesjonssøknader på småkraftverk må konsesjonssøkaren dokumentere at utbyggingsframlegget ikkje vil gå ut over verneverdiane, for at det skal bli snakk om å godta utbygging.