Det hevdar partileiar Dagfinn Høybråten framfor landsmøtet i KrF som opnar i Tønsberg torsdag. Taktisk sett er han difor ikkje lei seg for at særleg Ap og SV utfordrar KrF i spørsmål som: forlenga grense for svangerskapsavbrot, kontantstøtte, bioteknologilov, friskular, kjønsnøytral ekteskapslovgjeving og rett til homofil adopsjon.

— Høg fane

— Vi vil med høg fane profilere kampen mot kjønsnøytral ekteskapslovgjeving i valkampen. Og det kjem til å mobilisere, kunngjer Høybråten. Generalsekretær Ingen Helene Venås hevdar at partiet har lagt dei sterkt splittande problema som skapte uro og konflikt, bak seg.

— Det er betydeleg meir entusiasme i KrF for den regjeringa vi nå har, enn nokon gong sidan regjeringa vart skipa. Vi blir til dei grader utfordra på KrF sine kjernesaker av utfordrarpartia, kunngjorde Høbråten då han møtte pressa i går.

Høybråten vil nå nytte «verdikampen» til å «profilere eit parti som er tilbake på offensiven». Han minner om at kantantstøtte-saka verka sterkt til KrF sitt brakval i 1997 då partiet oppnåtte 13,7 prosent.

- Vinne valet

Partiet «satsar mykje på å vinne valet». Nå er målet å kome over 10 prosent. Det inneber i så fall ei dobling i høve til somme av meiningsmålingane i seinare tid, der partiet har sett 5-talet.

Partiet kan ikkje «ta vare på sigrane som er vunne i denne stortingsperioden» men må kjempe vidare mot åtak som er varsla frå utfordranane om regjeringsmakta, ifylgje Høybråten.

Sjølv om Ap i denne omgangen forkasta framlegget om å utvide grensa for svangerskapsavbrot frå 12 til 18 veker, «kjenner eg meg ikkje trygg på Ap i det spørsmålet», fortalde Høybråten i går. Han viste til at mindretalet var stort og at representantar, som til dømes leiaren for kvinnerørsla, Karita Bekkemellem Orheim, har lova at kampen ikkje er over.

Høybråten meiner at også resultata som regjeringa kan vise til, verkar mobiliserande. Men han vedgår at det framleis finst folk i partiet som er lite nøgde med at KrF samarbeider med Høgre. Han ser ikkje bort frå at det også vil kome til uttrykk på landsmøtet.

Høybråten varslar samstundes at partiet ikkje vil finne sg i at motstandarane nyttar «agitasjon som ikkje bygger på fakta, og at partiet vil slå tilbake mot falsk agitasjon».

Venstre og EU

Høybråten og KrF vil satse på å halde fram med «sentrum-høgre-samarbeidet». I den samanhengen «er det avgjerande at Venstre kjem inn på Stortinget att, og aller helst over sperregrensa», ifylgje Høybråten.

Samstundes er Høbråten openberrt ikkje lei seg for at KrF, etter landsmøtet i Venstre, nå er «Nei-partiet på ikkje-sosialistisk side», som han formulerer det. Han siktar til at Venstre var delt praktisk talt på midten.

Det er alt avklart at KrF framleis vil vere eit klart Nei til EU-parti. Det einaste uavklarte framfor landsmøtet er om partiet, lik Venstre, vil gå inn for at det skal haldast to folkerøystingar dersom spørsmål om medlemskap kjem opp att. Då er spørsmålet om det skal søkast, og om folket vil sei ja eller nei etter eit eventuelt forhandlingsresultat.

Høybråten meiner for sin del at «sjølvmordsparagrafen» som dagens regjering har, vil vere like aktuell sjølv om ein går inn for to folkerøystingar.

Det betyr at Høybråten ikkje vil sitje i ei regjering som sender ein EU-søknad. Programstrid

KrF vil nå samle prinsipp- og handlingsprogrammet som før har vore to program, i eitt. I programarbeidet kom det inn 3000 endringsframlegg. Nestleiar Knut Arild Hareide, som har leia programarbeidet, sukka litt oppgjeve over kva han har gjort gale. Til landsmøtet er endringsframlegga redusert til 900.

Utanom ein eller to folkerøystingar om EU, listar Hareide opp spørsmålet om ja eller nei til eksamen i ungdomsskulen, pensjonsordninga, sjukelønsordninga, to eller tre forvaltningsnivå og fiskeripolitikken som dei mest krevjande programpostane det kan ventast debatt om på landsmøtet.

ARKIVFOTO: THERESE BORGE
THERESE BORGE