Utvalet som har granska pensjonssaka på Stortinget, har reagert så sterkt mot den praksisen dei har oppdaga at ein har valt å slå ned på dette systemet sjølv om det ligg utanfor mandatet for granskinga.

Det kan berre oppfattast som ein klar invitasjon til presidentskapen på Stortinget om å gjere noko med denne ordninga.

Sterk melding

«Det ser ut til at Pensjonsordningen har bevilget ventegodtgjørelse til enkelte tidligere stortingsrepresentanter som først har vært i vanlig arbeid i mange år, og deretter søkt om ventegodtgjørelse til tross for at de kunne ha hatt rett til ytelser fra folketrygden.

Det ser videre ut til at ordningen med ventegodtgjørelse er blitt benyttet i enkelte tilfeller bare fordi det har vært noen måneder igjen før en tidligere stortingsrepresentant oppfyller 75-årskravet.»

Dette skriv granskingsutvalet i rapporten sin til presidentskapen på Stortinget.

— Dette låg utanfor mandatet, men vi fekk under arbeidet vårt indirekte mange opplysningar om desse forholda. Vi fann det naturleg å nemne dette for presidentskapen. Dette er noko Stortinget bør gripe fatt i, seier utvalsleiar, professor Asbjørn Kjønstad.

Vil ikkje oppgje namn

Kjønstad opplyser at utvalet fekk opplysningar om fleire slike saker der tidlegare stortingsrepresentantar, etter fleire år i arbeidslivet, har søkt om og fått innvilga, venteløn frå Stortinget.

  • Vi har ikkje gått tungt inn i materien sidan det låg utanfor mandatet. Vi har difor ikkje behandla og konkludert overfor einskildpersonar. Men eg hugsar fleire tilfelle, seier Kjønstad.

Kjønstad vil ikkje opplyse namn på kven dette gjeld.

I 2003, etter mykje medieomtale av ventelønsordninga, skjedde det ei viss tilstramming. Men systemet med raus venteløn vart oppretthalde etter at det såkalla Brørby-utvalet avgav innstilling. Utvalet var einstemmig i at ventelønsordninga skulle halde fram, om lag som før.

Reagerte på søknadar

Tidlegare stortingsrepresentant Heidi Larssen (H) sat i pensjonsstyret i perioden 2001-2005. Ho opplyser at ho saman med Heidi Grande Røys (SV) dissenterte i pensjonsstyret i fleire saker om venteløn.

  • Nokre av søknadane var slik at vi heldt på å dette av stolen. Men etter at vi dissenterte, vart det stramma inn. Eg er nokså sikker på at det er ein annan praksis i dag, seier Larssen.

Ho legg til at fleire som søkte venteløn hadde fått lovnader frå det tidlegare styret som aldri ville ha blitt godkjend av det styret ho sat i.

— Men sidan folk hadde innretta seg på grunnlag av lovnader, kunne vi ikkje trekke tilbake pengane over natta, seier Larssen.

Larssen legg til at det er behov for ei raus ventelønsordning for stortingsrepresentantar.

— Det finst fleire tidlegare representantar som har hatt store problem med å skaffe seg jobb etter å ha misst plassen på Stortinget. Sidan stortingsrepresentantane får godtgjersle og ikkje vanleg løn, får dei ikkje arbeidsløyseytingar på vanleg måte. Alternativet til venteløn ville då vere å gå på sosialkontoret. Det ville vere uakseptabelt, seier Larssen.

- Meir liberalt før

Stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) seier at han ikkje kan hugse å ha behandla nokon saker der ein tidlegare stortingsrepresentant, etter fleire år i arbeidslivet, så kjem tilbake og søker venteløn frå Stortinget.

  • Det var nok meir liberalt på 1990-talet. Du bør snakke med Dalheim om dette, seier Hansen.

Tidlegare stortingsrepresentant Erik Dalheim (Ap) var leiar for pensjonsstyret gjennom heile 1990-talet. Han seier at han ikkje vart spurd om dette emnet då han forklarte seg for granskingsutvalet.

— Difor har eg ikkje lyst til å seie noko om det temaet nå. Eg har elles registrert at heile ventelønsordninga vart diskutert i 2003. Du kan snakke med Berit Brørby om dette, seier Dalheim.

Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX