1. november i fjor gav Oslo tingrett Økokrim godkjenning for å arrestere mulla Krekar, sikta for medverknad til forsøk på drap i Nord-Irak i 2002. Men Økokrim venta heilt til 2. januar med å gjennomføre pågripinga.

Det er førstestatsadvokat Erling Grimstad i Økokrim som opplyser til Bergens Tidende at Oslo tingrett 4. november samtykka i at Krekar kunne pågripast.

Siktinga var utferda 30. oktober. Krekar var heile perioden i Oslo.

Kritisk

Grimstad vil ikkje forklare kvifor ein venta så lenge med pågripinga og vil heller ikkje ut med kva som var avgjerande for at Krekar vart pågripen 2. januar. Han seier at det var etterforskingsmessige, taktiske vurderingar som låg bak handteringa.

Fleire kjelder, som ikkje vil stå ope fram, er svært kritiske til at det gjekk så lang tid. Det blir påpeika at ei slik avgjerd må effektuerast så snart det er praktisk råd. Ein kan ikkje ha ei pågripingsavgjerd liggande på ubestemt tid.

Til dette seier Grimstad at det er opp til politi og påtalemakt å avgjere om og når ein vil nytte seg av ei pågripingsavgjerd frå retten. Ein har inga plikt til å fylgje opp ei slik avgjerd frå retten.

Terroralarm

Spekulasjonar i media har gått ut på at det som vart avgjerande for arrestasjonen, var påstandar om at Ansar al-Islam sto bak eller var involvert i ein påstått planlagt terroraksjon mot eit sjukehus i Hamburg, 30. desember i fjor.

Det vart slegen full terroralarm i Hamburg etter at ein hadde motteke etterretningsopplysningar frå USA. Saka har nå fått eit kraftig etterspel i Tyskland. Det skjer etter at det gjennom etterforsking i Tyskland ikkje er funne noko haldepunkt for påstanden om at det faktisk var planlagd eit terroråtak.

Fengslingsgrunnlaget mot Krekar vart underkjend av Oslo tingrett måndag etter at retten hadde prøvd bevisa som Økokrim la fram og fått høyre innvendingane frå forsvararen, advokat Brynjar Meling.

Tingretten kom til at det hefta for stor tvil om truverdet til dei vitneforklaringane som Økokrim presenterte, til at ein kunne feste lit til dei. Bakgrunnen var at vitna sit i fangenskap hjå PUK, Kurdistans patriotiske union. Denne organisasjonen er ein svoren fiende av organisasjonen Ansar al-Islam, som mulla Krekar har vore leiar for.

Borgarting lagmannsrett vil i morgon eller over helga vurdere fengslingsgrunnlaget.

Avviser telefonavlytting

Samstundes med arrestasjonen av Krekar, gjennomførde Økokrim ransaking og beslag i heimen hans. Dette skjedde utan førehandsgodkjenning frå retten og vart gjennomførd på statsadvokaten sine fullmakter.

22. desember gav Oslo tingrett samtykke til at Økokrim kunne gjennomføre nye tvangstiltak overfor Krekar. Men kva desse gjekk ut på vil Grimstad ikkje ut med. Han vil ikkje svare på om retten her gav godkjenning for telefonavlytting.

Grimstad avviser kategorisk at Krekar er blitt utsett for telefonavlytting eller annan form for kommunikasjonskontroll.