HANS K. MJELVA

I staden vil dei ha eit system med ein karakter basert på ei «mappevurdering», som skal erstatte både eksamens— og standpunktkarakter.

— Tanken bak er at den eksamen vi har i dag berre måler ein brøkdel av det som er på pensum i eit fag. Eksamen er veldig avgjerande, men strekk seg over ei lita periode - ein dag som får vanvittig store konsekvensar, seier Unge Venstre-leiar Lars-Henrik Michelsen frå Austevoll.

Det er ungdomspartiet som har kome med framlegget, som no har fått støtte frå ein samrøystes programkomite.

Tanken bak er at prestasjonane gjennom heile året skal legge grunnlaget for sluttkarakteren. - Det betyr at eleven samlar arbeidet sitt fortløpande i ei mappe. Det kan vere prosjektoppgåver, munnleg framvisningar, prøver eller andre ting, seier Michelsen.

Han vil at meir enn berre prøver og anna måling av faktakunnskap skal telje for «mappekarakteren». Som døme nemner han innsats, arbeidsform, sjølvstende, samarbeidsevne og evne til å forbetre seg.

I tillegg legg Venstre opp til at elevane skal kunne krevje å få ein ekstern sensor til å vurdere «mappa», viss dei er misnøgd med karakteren læraren har sett.