— Sjølv for ein roleg og sindig mann som meg, må eg innrømme at det har kribla litt ekstra i kroppen utover dagen, sa Ludvigsen til Bergens Tidende i går ettermiddag. Då var det gått nokre timar etter at han hadde tatt leiinga om femte- og sistemandatet frå fjordfylket.

Kampen om utjamningsmandatet blei ein valthriller av dei sjeldne. På eit tidspunkt måndag kveld var Ludvigsen inne. Så fall han ut, og utover natta veksla Sp, SV og KrF på å ha mandatet.

Då folk gjekk og la seg var Erling Sande (Sp) inne, og på valvaka i Førde skåla senterpartistane i champagne over to mandat. Men etter at champagneflaska var tom og dei fleste hadde gått til ro, tok Heidi Grande Røys (SV) over. Det var berre for ei stakka stund - for då folk vakna til kvardag att var Per Steinar Osmundnes (KrF) i føringa. Den plassen heldt KrF-aren like til i 11-tida i går føremiddag. Då, kring 12 timar etter at prognosane hadde vist at Gunvald Ludvigsen skulle kome inn på utjamning, var han brått tilbake på Sogn og Fjordane-benken. Og der blei han verande.

— No er det så få stemmer som står att å telje opp på landsplan, at det er sannsynleg at Ludvigsen får utjamningsmandatet, kunne den lokale valeksperten, Knut Henning Grepstad, konstatere i går kveld.

— Kor sannsynleg?

— Svært sannsynleg. Men i prinsippet er det ikkje avklara før alle stemmer i heile landet er talt opp. Så eit lite atterhald må vi ta.

Sjølv legg ikkje Ludvigsen skjul på at han forlet valvaka i Førde i den tru at han var ute av kampen.

— Sånn som det utvikla seg utover natta stod det om andre kandidatar enn meg, seier Ludvigsen. Men i går ettermiddag tok han også til å tru på at han må innfinne seg i Oslo når stortingsgruppa i Venstre samlar seg til sitt første møte.

Gunvald Ludvigsen blir den første Venstre-representanten frå Sogn og Fjordane sidan Ludvig Botnen tok farvel med Stortinget i 1969. Ludvigsen kjem frå Leirfjord kommune i Nordland. Han kom til Eid som rådmann i 1983, og der blei han verande. Rådmannsjobben hadde han til han blei banksjef i DnB på Nordfjordeid i 1990. Tre år seinare tok han over som direktør for Nordfjord sjukehus.

Etter at han gav seg som rådmann gjekk Ludvigsen inn i politikken, og for to år sidan blei han vald til ordførar. Stortingsmandatet gjer at det no må veljast ny ordførar i Eid kommune.