VIDAR YSTAD

Venstre fekk i fjor 687 nye medlemer medan 236 melde seg ut. Når ein trekkjer frå strykningar for manglande betaling og dødsfall, hadde partiet ein netto tilvekst på 206 medlemer. Medlemstalet var etter dette 5641 ved årsskiftet.

— Det er nesten paradoksalt at vi opplevde framgang i medlemstalet på byrjinga av fjoråret då det storma som verst rundt meg og partileiinga, seier Sponheim til BT.

Trur på seks prosent

Sponheim meiner dette lovar godt for valkampen og valet i år og seier at han har tru på at partiet kan oppnå seks prosent ved valet. Han seier at Venstre skil seg frå dei andre partia ved at det jamleg har oppnådd større oppslutnad ved val enn det meiningsmålingane har indikert.

— Mange Venstre-veljarar sit på gjerdet heilt fram til dei siste par vekene før valet, seier Sponheim.

Med denne medlemsutviklinga skil Venstre seg frå så godt som alle dei andre partia. Berre SV hadde ein netto tilvekst i medlemsmassen i fjor med knapt 500 nye medlemer, til 10.490 medlemer. 180 melde seg ut.

Stor svikt i H og KrF

Regjeringspartnarane Høgre og Kristeleg Folkeparti opplevde i fjor rekordsvikt i medlemsmassen.

I det turbulente fjoråret opplevde KrF ein netto avgang i medlemer på nær 3000. Ved årsskiftet var medlemstalet om lag 42.000.

Høgre hadde ein nettoavgang på 2504, som utgjer 8,7 prosent. Ved årsskiftet hadde partiet 26.263 medlemer.

Ap fekk i fjor 2293 nye medlemer. Men samstundes mista partiet 2900 medlemer og enda med 51.035 medlemer.

Også Senterpartiet og Frp hadde tilbakegang i medlemstalet i fjor.