Med få forsterkingar framfor årets sesong, innrømmer trenar Kåre Reynheim at det blir tøft for Årdals-laget å klara seg. Likevel må vi prøva å greia den viktige sjetteplassen i divisjonen. Det er seinast to år sidan vi sist var oppe, så vi veit i alle fall kor høgt nivået er, understrekar Reynheim. Noko som gjer det endå vanskelegare for Jotun er at dei har mista eit par av sine beste spelarar frå i fjor. Blant andre vil toppscorar Morten Brandsdal bli sårt sakna. Ny spelar: John Heri Dan (Færøyane).