JOHN LINDEBOTTEN

john.lindebotten@bergens-tidende.no

 -— Vi har fått ein del kritikk for den første utlysinga, mellom anna frå tillitsmannsorganisasjonane i Vegvesenet. Det gjekk på at utlysinga ikkje nådde langt nok ut. Ho stod på trykk i Norsk lysingsblad og Teknisk Ukeblad. Dessutan kom utlysinga rett før ferien, seier vegdirektør Olav Søfteland til Bergens Tidende. Denne gongen vil utlysinga stå på trykk i dei store og riksdekkande Oslo-avisene og i dei to store avisene i Bergen. -- Vi ser ingen grunn til at tilsetjingsprosessen skal kunna utsetjast for kritikk. Dessutan har vi tid til dette, seier vegdirektøren.

Kritikk frå Oddekalv Norges Miljøvernforbund har òg retta kritikk mot utlysinga, og m.a. kravd ein heilt ny utlysingstekst som kan lokka folk frå krinsar utanom Statens vegvesen til å freista overta sjefsstolen etter Josef Martinsen, som går av 31. desember i år. Då fristen gjekk ut 7. juli, var det berre fire seriøse søkjarar til stillinga som vegsjef i Hordaland. Dei fire var, og er framleis: * Trafikksjef Arild Eggen, 56 år, Hordaland vegkontor. * Seksjonsleiar Magnus Natås, 51 år, Hordaland vegkontor. * Utbyggingssjef Øyvind Søvik, 57 år, Hordaland vegkontor. * Torbjørn Naimak, 51 år, Troms vegkontor.

Ynske om fornying Miljøvernforbundet meiner at ingen av dei tre kandidatane frå Hordaland vegkontor oppfyller eit breitt ynske om fornying i veg-etaten i Hordaland. Dei meiner søknaden i større grad må formast slik at til dømes også kvinner kan få lyst til å søkja stillinga. Men Olav Søfteland slær fast at utlysingsteksten vert den same som sist. Der vert det m.a. kravd at søkjarane må ha høgare utdanning innanfor dei områda som er sentrale for Statens vegvesen. Vegsjefstilinga i Buskerud vert òg lyst ut att ein gong til. Ho stod på trykk samtidig med stillinga i Hordaland, òg også der var søkjarane få og for det meste interne. -- Kva med dei som alt hadde søkt stillinga til fristen 7. juli? -- At stillinga vert utlyst ein gong til, betyr ikkje at vi ser på dei som alt har søkt som mindreverdige. Tilsetjingsprosessen går sin gang. Vi har engasjert eit konsulentfirma til å sikta kandidatane, seier vegdirektør Olav Søfteland.