— Dersom det var to genuine interessentar i saka, kan det vere ein saksbehandlingsfeil at kommunestyret ikkje blei opplyst om dette, seier professor i kommunalrett ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt.

Ifølgje Bernt kan det vere ulovleg forskjellsbehandling at ikkje alle aktuelle kandidatar blir behandla på lik linje, sjølv om kommunen i utgangspunktet står fritt i høve til val av kjøpar.

— Dersom det er nokon ein veit kunne vere interesserte i ein eigedom, tilseier allminnelege prinsipp om likebehandling at kommunen varslar dei, seier han.

Dersom kommunen ikkje har inngått bindande avtale og framleis kan innhente konkurrerande tilbod, bør dei gjere dette før dei underteiknar kontrakt, rådar professoren.

Bernt meiner saka ikkje representerer eit habilitetsproblem så framt det ikkje er påvist andre forretningsmessige eller personlege bindingar mellom aktørane enn dei som er knytte til tilsetjinga.

— Inhabilitet ville berre liggje føre om det kan påvisast at det har oppstått eit slikt takknemlegheitsforhold at det er grunn til å vente at Bahus vil føle seg plikta til å tilgodesjå Søfteland, seier han.

I mangel av andre opplysningar må ein likevel leggje til grunn at desse to er ferdige med kvarandre etter tilsetjinga. I så fall vil ikkje Bahus vere inhabil, i følgje Bernt.

Dersom det ligg føre saksbehandlingsfeil, urimeleg forskjellsbehandling eller inhabilitet, vil det medføre at vedtaket kan kjennast ugyldig. Kommunen må då føreta ei ny handsaming av saka.