• Systemet har ikkje fungert så godt som det skulle, seier Gunnar Hørthe, direktør for produsenten Norsafe Selantic A/S på Sotra.

Flåteløysinga som i haust fekk trekt tilbake typegodkjenninga frå Det Norske Veritas vart i si tid utvikla av Sotra-bedrifta Selantic A/S.

Same bedrift hadde levert flåtane til "Sleipner", og fekk i fjor haust store økonomiske problem. Redningsutstyr-produsenten Norsafe på Sørlandet gjekk inn og kjøpte opp restane av bedrifta omtrent samtidig som problema med MES-evakueringssystemet vart avdekt.

— Det viste seg at systemet krev enorm presisjon i pakkinga. Det er eitt av problema, seier Hørthe. Norsafe Selantic arbeider no under høgtrykk for å forbetre patentet slik at dei kan få attende godkjenninga.

— Vi har tatt i bruk ny teknologi, skjerpa systemet for kvalitetssikring og satsa meir på opplæring, seier Hørthe, som håpar på å få godkjenningspapira tilbake i løpet av nokre månader.

Det skandaliserte flåtesystemet består av oppblåsbare flåtar og store strømper som skal sikre at passasjerane kan skli tørrskodde frå fartyet og ned i redningsflåten.

Ifølgje Hørthe har dei levert systemet til eit 20-tals skip over heile verda dei siste to-tre åra - både snøggbåtar og store bil- og passasjerferjer. Alle kjøparane har fått brev om manglane som er oppdaga og tilbod om ompakking og ettersyn.