For dei som har tilgang på sjølvhoggen ved, er valet lett. Dei kan gleda seg over varme som kostar frå 0 opptil ca. 15 øre omrekna i pris for kilowattimen, kWh, alt etter korleis ein reknar.

Nærast sjølvhoggen ved, kjem varm e pumpene, anten luft-luft eller vatn-luft. I fjor rekna Vestnorsk Enøk ut at varmepumpene kan verka med ein pris pr. kWh på 34 til 37 øre.

— Eg skulle tru at denne prisen vil vera litt lågare i år, for prisane på varmepumper har gått ned frå godt over 20.000 til rundt 17.000 kroner, seier Morten Villanger i firmaet Vaskebjørn AS på Osterøy. Han opplyser at dei no i vekevis har installert minst ei varmepumpe for dagen, og det er mange firma på marknaden.

Pellets, som er oppmalen ved forma til små kuler, er ein svært økonomisk måte å fyra med ved på.

— Jamvel Statoil har satsa på pellets, som vi sel gjennom Felleskjøpet, opplyser Knut Hilmar Hansen i Statoil Norge til Bergens Tidende.

Utan å ha rekna på det, trur Øystein Aadnevik i Norsk Petroleumsinstitutt at pellets vil koma på ca. 45 øre pr. kilowattime. Det stemmer nokså bra med eit oppslag i VG måndag, der pellets vart presentert som ein prisvinnar med 9.756 kroner for 20.000 kW (gjennomsnitt årsforbruk for ein bustad). Det gjev ein pris pr. kWh på nesten 49 øre.

Blandingsved (mykje furu) kan omtrent konkurrera med pellets i pris. I fjor vart han rekna til 49 øre pr kWh. Prisar BT har fått inn i år frå vedprodusentar tyder på at han har stige litt, frå 1100 til 1200 kroner målet. Prisen pr. kWh vil då truleg liggja på ca. 53 øre.

Propan ligg i same prisområde, ca. 53 øre, vel å merka dersom gassen vert kjøpt inn i stort.

— Kjøper du propan i flasker på bensinstasjonen, kjem prisen pr. kWh fort opp i 2 kroner, seier Øystein Aadnevik, som opplyser at fyringsolje så langt i haust ligg på 55 øre pr. kilowattime. - Men olja har den opplagte fordelen framfor ved at kaminen kan stå på og halda huset varmt om du er ute. Veden må du fyra opp att kvar gong.

Straumen, med alt inkludert, har Norsk Petroleumsinstitutt rekna til 73,16 øre pr kilowattime. Dei fleste trur vel at dette kan endra seg, og då helst oppover, med bakgrunn i røynslene frå sist vinter. Men her må det leggjast til at variasjonane kan vera store frå den eine leverandøren til den andre.

Prisen som er oppført for parafin i VG sitt oppslag måndag, gjev 59 øre pr. kilowattime. Dette rimer ikkje med Norsk Petroleumsinstitutt, som fører opp 75 øre for parafin. Det siste rimar best om vi ser på høvet mellom parafin og fyringsolje. I fjor var prisskilnaden mellom dei to 19 øre. Med prisane frå Norsk Petroleumsinstitutt er skilnaden i år 20 øre.

Bjørkeved i sekk kan lett verta den dyraste varmen om du får han frakta til husdøra. I tidlegare oppslag i BT har vi sett at prisane kan variera nokså mykje frå godt over 3000 kroner målet ned til under 2000 kroner. Vedhandlar Steinar Carlson på Nesttun tek 2800 kroner målet for 3. året på rad. Det gjev ein pris pr. kWh på kr. 1,03.

Lokale vedprodusentar i Hordaland går heilt ned i 1500 kroner for eit mål turr bjørkeved for dei som hentar sjølve. Då kjem prisen pr. kWh ned i rundt 60 øre, så her kan det løna seg å sjå seg litt rundt.