Hausten så langt i år lovar det beste for dei utmagra vestnorske breane. Smeltinga på toppane tok slutt før august var ute, og det har vore rikeleg med nedbør.

I tillegg har vi nett lagt bak oss ein vinter med mykje nedbør. Og ein «normal» sommar har bremsa tilbakegangen for breane i Vest-Noreg. Men for å veksa att, treng dei meir av same slaget.

— I år har vi «positiv balanse», så vidt, seier breforskar Atle Nesje ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Grunnen til at det ikkje er stor positiv balanse mellom nedbør og smelting, er den «dårlege» starten i fjor haust.

— I fjor var det snøfritt på breane våre til langt ut i oktober, seier Bjarne Kjøllmoen ved Seksjon for bre og miljøhydrologi i NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat).

  • Altså snøfritt og snøfritt. Det vil seia at det ikkje var kome nysnø. Det var ei formidabel avsmelting i fjor som varde ut heile september og langt inn i oktober. Normalt vil det til oktober ha falle 1 til 2 meter snø på breane. Når denne fyrste snøen ikkje kom, tok det bort mykje av effekten frå dei store nedbørsmengdene som kom seinare på vinteren, seier Kjøllmoen.

Tynn remse

4 til 5 meter snø reknar Atle Nesje med at det fall på Jostedalsbreen i vinter. Det skapte altså positiv balanse, så vidt. Men på 1990-talet var det andre tider. Då fall det 10 meter snø på Jostedalsbreen fleire år på rad. Breane la på seg, treivst og seig framover - til glede for breforskarane, men også for turistane og dei som har inntektene sine frå reiselivet.

No er Nesje spent. Forskingstemaet hans er i ferd med å turka vekk. I Oldedalen, der han er frå, har han sett heimebreen sin, Briksdalsbreen, krympa nesten frå dag til dag dei siste 5-6 åra.

I dag er det berre ei tynn remse att, og bretunga når ikkje eingong ned i vatnet lenger.

Men i år var det altså «positiv balanse». Det betyr at snøfallet på Jostedalsbreen i vinter var større enn det sommarsola greidde å smelta vekk.

Påfyll frå toppen

Overskot, med andre ord. Likevel minka Briksdalsbreen i år og. Med 50 meter, mot 145 i fjor.

— Briksdalsbreen er bratt. Difor er han ein av dei breane våre som reagerer fortast på endringar i nedbør og temperatur. Men ein vinter med mykje nedbør og lite smelting er ikkje nok til å snu tilbakegangen. Vi treng nok to eller tre år til med positiv balanse før Briksdalsbreen legg på seg att. Det må fyllast på med is og snø på toppen, slik at breen får ein kraftig puff bak. Og det tek litt tid, seier Nesje.

Rekordtap på Jøkulen

Tal frå NVE syner at det var meir smelting enn normalt i fjor på alle dei 12 breane med faste målingar. Gjennomsnittleg tap tilsvarar to meter med vatn jamt fordelt over heile breen. Og på mange av breane var tapet i 2006 det største som var målt nokonsinne. I vest var det rekordtap på Hardangerjøkulen, Nigardsbreen og Ålfotbreen.

NVE nemner Nigardsbreen og Hardangerjøkulen som særleg utsette. Dei er etter måten flate i området der det normalt er snøoverskot når sommaren er over. Breforskarane har funne fram til likevektsliner, som betyr grensa mellom området der snøen samlar seg opp om sommaren, og der snø og is smeltar.

Den globale oppvarminga kan få denne grensa til å stiga. I så fall er det eit dårleg varsel for Nigardsbreen og Hardangerjøkulen.

Vekst eller minking i vest?

Dersom tilhøvet mellom vinter og sommar vert slik det har vore dei fleste åra etter 2000, med turre vintrar og heite somrar, spår Atle Nesje at norske isbrear vil smelta heilt vekk, ein etter ein, innan 2100. Ålfotbreen er den fyrste som vert heilt borte. Dei høgste delane av Jostedalsbreen står i mot svært lenge. Det vil også søndre del av Folgefonna. Men 98 prosent av dei norske breane renn i havet.

Det andre scenariet, som klimaforskarane trur mest på, er at vinterhalvåret på jamnen vil få meir nedbør enn før, og særleg på Vestlandet. Sjølv om temperaturen jamt over stig, vil vinternedbøren likevel koma ned som snø over breane. Spørsmålet er då om heile vinternedbøren smeltar bort om sommaren, eller om eit overskot vert liggjande att og føra til ny brevekst.

Nedgang i Jotunheimen

I det siste tilfellet vil breane på Vestlandet gå framover att, og dette fenomenet vil vera nesten eineståande i heile verda.

Lenger inne i landet, i Jotunheimen, ser det ille ut for breane. Målingar frå 1960 til 2005 syner at breane på Vestlandet jamt over la på seg heilt fram til 2000, før dei starta tilbakegangen.

Breane i Jotunheimen hadde jamn nedgang i heile denne perioden. Årsaka er for lite vinternedbør til å stå i mot varmen om sommaren. Og oppvarminga av klimaet vil truleg ikkje endra på dette.

TILBAKE: Rembesdalsskåka er ein sørvestleg utlaupar til Hardangerjøkulen som dreg seg nedover i retning Simadalen. Illustrasjonen viser kor mykje denne brearmen har minka frå 1997 til 2006.
NVE
NY FRAMGANG? Biletet over syner Briksdalsbreen i fyrste halvdel av september 2007; under i oktober 2006. Bretunga smeltar. Vekst må koma ovanfrå ved at toppen av Jostedalsbreen legg på seg og pressar ismassar nedover.
HELGE SUNDE
Klikk på knappen over grafikken for å sjå større versjon.