Briksdalsbreen ligg der utsvelt og avmagra etter fleire år med svelteforing. Verst var det i år.

122 meter har Noregs mest kjende isbre drege seg attende.

— Dette er den største tilbakegangen vi har sett sidan målingane tok til for 100 år sidan, seier Bjarne Kjøllmoen i Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, til Bergens Tidende.

Atle Nesje, professor i kvartærgeologi ved Universitetet i Bergen, minner om at vinteren 2005-06 var uvanleg turr, samstundes som sommaren i år var heit.

I oktober mangla det lite på at Briksdalsbreen gjekk av på midten. Den lagnaden har tidlegare råka Supphellebreen og Bøyabreen i Fjærland.

Meir nedbør enn normalt

Men nett no er vi inne i den type vinter som klimaforskarane har sagt vi berre må venja oss til for framtida. Når den globale temperaturen aukar, vert resultatet på vår kant av verda våtare og mildare vintrar.

— I haust har nedbøren lege godt over normalen for heile vestlandskysten, seier Bjarne Kjøllmoen.

Men også sommartemperaturane vil stiga. Det avgjerande for breane våre, er då balansen mellom nedbøren som kjem vinterstid og smeltinga om sommaren.

Atle Nesje har tidlegare spådd at auka vinternedbør vil gje meir snø på breane enn sola greier å smelta bort. Trass i høgare global temperatur vil dermed breane på Vestlandet leggja på seg.

Våt og samanpressa

Sidan 2001 har tendensen vore motsett, med underskot for alle breane, så nær som nokre av dei nærast kysten. I november 2005 varsla Atle Nesje at breane i Noreg ville vera så godt som heilt bortsmelta mot slutten av dette hundreåret dersom utviklinga heldt fram slik det såg ut.

— Men jokeren i dette er nettopp det som skjer om vinteren. Så langt i år har vi ein vinter av den typen som kan gje overskot for breane. Med 10 grader i Bergen og rundt 0 på Finse held det akkurat for at den snøen som legg seg på breane vert liggjande. Og når han er våt, slik som no, smeltar han ikkje. Han vert berre pressa hardare saman, seier Atle Nesje.