Men det er berre eit spørsmål om tid før det er alvor også her. For no erklærer Folkehelseinstituttet heile kongeriket for influensasone.

Særleg går det utover folk i aust, sør og nord i den innleiande runden. Minst influensa er det registrert i Midt-Noreg, og noko meir i vest.

— Vestlendingane er litt meir beskjedne. Til og med bergensarane. Men influensaen er undervegs til Vestlandet, også. Risikoen for smitte er relativt stor, seier overlege Bjørn Iversen ved Folkehelseinstituttet.

— Så kva råd gir du oss no?

— Det er lovleg seint å vaksinere seg, så det toget er nok gått. Men eg slår gjerne eit slag for handvasken og hostehygienen, seier Iversen til BT.

God gamaldags barnelærdom, med andre ord: Ikkje host og nys på andre, og vask hendene dine - ikkje berre etter toalettbesøket, men også før du skal ete eller lage mat til andre.

— Det er også god rutine å vaske hendene etter handleturen, seier Iversen.