RAGNHILD HOV

Det er ingen vedunderkur som er årsaka til at den 29 år gamle kommunearbeidaren frå Svelgen har gått ned 10 kilo i månaden sidan august i fjor.

Han er ein av 20 pasientar som er blitt operert mot overvekt på Førde Sentralsjukehus i fjor.

— Eg har fått eit nytt liv etter operasjonen, seier Geir Henning då han fortel BT historia si.

— Alt som gutunge var eg ein kraftig kar. Det var ikkje til å unngå at eg måtte tola litt mobbing. Ymse kallenamn har eg også hatt opp gjennom åra, seier Geir Henning i dag.

Tallause gonger har han også prøvd å gå ned i vekt utan å lykkast.

— I staden måtte eg konstatera at eg vart tyngre og tyngre år for år.

Vekta øydela helsa

Det er tungt for kroppen å bera på 190 kilo. Vekta tok på helsa til Geir Henning. Mellom anna vart blodtrykket og kolesterolen i blodet hans svært høgt. Dessutan hadde han smerter både i ryggen og beina.

— Det mest alvorlege var likevel at eg fekk sukkersjuke, eller diabetes 2. Det siste året før operasjonen var eg heilt avhengig av å ta insulinsprøyte framom kvart måltid.

— Hausten 2002 vart eg sendt til sjukehuset i Førde for tilpasning av diabetesmedisin. På sjukehuset meinte dei det kunne vera mogeleg å redusera den store medisinbruken dersom eg vart operert mot overvekt, fortel han.

Legen meinte prognosene for eit vellukka resultat ville vera gode. Men Geir Henning Hansen måtte likevel venta nesten eit år før han kunne gjennomgå operasjonen. For hausten 2002 vart feittoperasjonane i Førde stoppa på grunn av den stramme sjukehusøkonomien.

Då sjukehuset i fjor på nytt fekk midlar til å utføra desse inngrepa, vart Geir Henning Hansen set i operasjonskø. 21. august vart han lagt på operasjonsbordet.

Fjerna halve magesekken

— Eg fekk fjerna meir enn halve magesekken. Dessutan er meir enn halvparten av tynntarmen min sett ut av funksjon.

Berre få dagar etter operasjonen kunne legane konstatera svært positive innverknader på Hansen si generelle helse.

Symptoma på diabetes 2 vart borte så og seia over natta. Etter nokre veker var også kolesterol og blodtrykk under kontroll. I dag er Geir Henning Hansen medisinfri.

— Dagleglivet er vorte annleis på alle måtar. Jobben går lettare. Eg er ikkje lenger tungpusta. No kan eg også kjøpa klede som andre folk. Tidlegare var det berre joggebukser som passa, smiler han fornøgd.

Geir Henning meiner han ikkje har alvorlege biverknader som følgje av operasjonen. Enno reknar han med å verta lettare, sjølv om vekttapet ikkje vil gå så fort som det gjorde fyrste halvåret.

Oppfølgjing heile livet

Ein feittoperasjon krev oppfølging heile livet. Geir Henning Hansen veit at han framleis har ein livsvarig sjukdom.

— Eg må mellom anna passa på at eg har eit proteinrikt kosthald. Dessutan treng eg ekstra mineral- og vitamintilskot for å halda meg frisk. Likevel vil eg ikkje nøla med å rå andre i same situasjon til å operera seg mot overvekt. Men operasjon er ikkje nokon lettvint måte å bli slank på, understrekar han.

— Det viktigaste må vera å førebyggja overvekt mellom barn og unge. Men det krev at den lokale helsetenesta får meir kunnskap og kompetanse enn det som er vanleg i dag, meiner han.

NO: Livet er vorte mykje lettare for Geir Henning Hansen etter at han fekk operert bort meir enn halve magesekken, og meir enn halve tynntarmen vart sett ut av funksjon.<p/> FOTO: ØYSTEIN TORHEIM
FØR: Før operasjonen vog Geir Henning Hansen vel 190 kilo. Dette biletet er teke berre nokre veker før 21. august i fjor. Då vart han operert på Førde sentralsjukehus.<p/>FOTO: ØYSTEIN TORHEIM