• Europa er det nye svarte kontinentet, meiner misjonsforbundet.

— Me ser nok føre oss at det vil kome ein straum av misjonærar frå Afrika etter kvart. Me meiner Europa og Norden burde bli eit nytt satsingsområde for misjonen, seier ytremisjonssekretær Eilif Tveit i Det Norske Misjonsforbund.

Det er Afrika sør for Sahara som etter kvart har blitt tyngdepunktet i den evangeliske kyrkja. Det er ei oppfatting som er delt av Den norske kyrkja, misjonsforbundet og Det norske misjonsselskap.

På kryss og tvers

— Mykje av misjonsiveren kjem frå andre kantar enn frå oss. Statistikken viser at dei største nasjonane innan misjon er i dag Sør-Korea, Brasil, Filippinene, India og Nigeria. Det seier litt om at situasjonen er snudd på hovudet allereie, seier Per Ivar Johansen i Det norske misjonsselskap.

I Nigeria tel misjonsmannskapet i berre eitt av selskapa over 1200 personar. Den norske misjonsstatistikken viser at litt over 600 misjonærar vart sendt ut frå Noreg i fjor. Talet på utsende misjonærar frå Noreg har vore jamt fallande sidan 2000 då ein låg på eit stabilt nivå med kring 800 utsende misjonærar.

— Dei nye kyrkjene som vart stifta av misjonsarbeid på sekstitalet, til dømes i Afrika, byrjar å bli vaksne. Dei har bygd opp ein stab og organisasjon, og er i den posisjonen at dei kan kikke ut over sine eigne landegrenser, seier Johanson.

Ifølgje han ville eit verdskart over misjonsstraumen i dag vist pilar som går på kryss og tvers i alle retningar. Tradisjonelt ville dei gått frå vesten mot aust og sør.

Karismatisk vekst

— Fleirtalet av dei kristne er i dag i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Her ser det ut til at den karismatiske trenden er sterk, seier kyrkjehistorikar Berge Furre.

Han viser til eit sterk auke av pastorar og predikantar som kjem til Vest-Europa og USA for å drive misjon. Og dei som driv misjon nordover kjem gjerne frå karismatiske rørsler, rørsler med innslag av sang, dans, tungetale og nådegåver.

Frå fleire hald kjem det meldingar om at desse kyrkjene er i sterk vekst.

— Ein ser at karismatikken også trenger inn i dei historiske kyrkjene. Det er særleg interessant at Vatikanet har godkjent katolsk karismatikk, som er eit sterkt drag i Brasil, seier Furre.

Kvifor det nettopp er karismatiske rørsler som er den veksande kristne trenden, ville Furre gjerne ha forska vidare på.

— Eg trur nok at er det ein samanheng mellom førkristen religion som misjonærane var kritiske til, og som så dukka opp att ved frigjeringa av Afrika, og Latin-Amerika. At dei tar tilbake noko av sin religion og smeltar det saman med sin kristendommen. Men det er berre ein teori, seier Berge Furre.