— Som fiskeri kan ein nærast snakke om full kollaps, sa forskingsdirektør Ole Arvid Misund då han skulle karakterisere tilstanden for kysttorsken nord for Stad etter at Havforskingsinstituttet måndag la fram sine kvoteråd for 2006.

Forby fisket er rådet frå forskarane. Heilt sidan 2001 har forskarane bedt om kutt i fisket, og frå og med i fjor har det rådd til full stans.

Like ille er det for den såkalla Nordsjøtorsken, som vert fiska i Nordsjøen, i fjordane og på kysten sør for Stad. Forskarane foreslo eit drastisk kutt i 2000, og har ynskt seg full stopp sidan 2001.

Fiske i tilbakegang Både sør og nord om Stad har dei faktiske fangstane gått klart tilbake. Den siste vurderinga av kor mykje Nordsjøtorsk som vert fiska er frå 2003, og viser at fangsten er redusert med nesten 80 prosent sidan 1995. For kysttorsken er reduksjonen over 40 prosent.

Knut Korsbrekke på Havforskingsinstituttet er ekspert på nordsjøtorsk. Han meiner krisa skuldast kombinasjonen av alt for omfattande fiske over mange år, også under dårlege oppvekstsperiodar for torsken.

Korsbrekke sin kollega på Havforskingsinstituttet, Harald Gjøsæter, meiner utviklinga nord for Stad først og fremst skuldast naturens luner. Oppveksttilhøva har endra seg til det verre, og færre kysttorsk har vakse opp. Når fisket likevel held fram som før, er skaden skjedd.

WWF trur på kvotekutt - Det krev eit menneske med sterk rygg for å stå i mot presset frå fiskarane når kvotane skal kuttast, seier havmiljøkoordinator Maren Esmark i Verdas villmarksfond (WWF).

Ho trur likevel fiskeriminister Svein Ludvigsen vil kutte kvotane, mellom anna fordi forskarane åtvaringar år etter år truleg tek til å verke.

Esmark trur også nye lover vil gjere det lettare å stogge overfiske.

Ho seier den nye havmiljølova har teke inn FN-konvensjonane om biologisk mangfald, FN-avtalen om vandrande fiskebestandar og FN-avtalen om berekraftige fiske.

— Det vil gi ministeren ei betre juridisk forankring for å kutte kvotar enn han har i dag, seier Esmark.