Medan bilistar, syklistar og fotfolk baskar i snølagde bygater, lyfter forskarane ved Bjerknessenteret blikket kilometervis til vêrs. Heilt opp til stratosfæren, luftlaget som ligg frå 10-12 kilometer over jordoverflata og fleire titals kilometer oppover. Her meiner dei å ha funne klare samanhengar.

— Stratosfærisk oppvarming gir kald vinter i resten av februar, kanskje også i mars. I alle fall aukar sjansane for seinvinterkulde, seier Tarjei Breiteig ved forskingssenteret i Bergen.

Sist veke registrerte dei at stratosfæriske vestavindar vart svakare, og kulden kom sigande, akkurat som venta.

Samanheng

Oppvarminga kan ta til høgt oppe i stratosfæren og forplanta seg til den nedre delen. Nokre grader høgare temperatur der oppe som ruteflya ferdast i rundt 60 kuldegrader, kan få direkte innverknad på norsk vintervêr.

  • Det mest vanlege er kraftige vindar frå vest og sørvest her oppe. Stig temperaturen, så løyer desse vindane. Og når vestavindane spaknar, får vindar frå nord og aust betre sjanse til å hevda seg, seier Breiteig.

Vindane 10-12 kilometer over bakken har ein tendens til å forplanta seg nedover til bakken, og dermed influera på vêret vårt.

Både nordavind og austavind kan vera skikkeleg kald i norsk vinter. Områda nord og aust for oss, som Arktis, Sibir og Himalaya har store snødekte område. Kvite flater reflekterer varmegjevande solstrålar attende til verdsrommet, og gir kulde nær bakken.

Utanfor klimadebatten

  • Har dette med global oppvarming å gjera?
  • Nei, dette er naturlege endringar. Nøyaktig kvifor temperaturen svingar, veit vi ikkje. Men fenomenet dukkar opp frå tid til anna, og gir kulde i Skandinavia og austlege Nord-Amerika samstundes, seier Breiteig.
  • Kvifor hadde Voss 35-40 kuldegrader midt på 60-talet og tidleg på 80-talet, og knapt nok ti dei siste åra?
  • Sannsynlegvis naturlege svingingar. Vi har no hatt ein fase med milde og våte vintrar i Nord-Europa, motsett i Sør-Europa, seier han.

Pendelverknad

Forskarane opererer med pendelaktige temperatursvingingar som følgje av «Den nordatlantiske oscillasjon» (NAO), der Nord-Europa i aust og Grønland og Canada i vest er motpolar. På 1960-talet og 1970-talet var NAO inne i ein langvarig fase med mange kalde og snørike vintrar i Noreg. Dette snudde brått på 1980-talet og vi gjekk inn ein lang periode med mildare vintrar, meir prega av regn enn snø.

Om kulden denne vinteren markerer ei ny vending, attende til vinterkulden frå seksti- og syttiåra, vil Breiteig ikkje uttala seg skråsikkert om. Til det veit forskarane for lite om kvifor varmen stig i stratosfæren, og svekkjer vinddraget.

  • Vi får nøya oss med å konstatera at det i førre veke var ei generell svekking av vestavindane der oppe over heile den nordlege halvkula. Det gir ein kald februar, og auka sjansar for kulde i mars også, seier Breiteig.
Rune S�vig