Elin Stølen Lefdal og familien hennar opplevde at mora vart psykisk sjuk av å vere på sjukeheim i Bergen, og valde å ta ansvaret for å stelle henne sjølv. I februar i år fortalde Bergens Tidende om enorme sprik i kvaliteten på omsorga ved byens sjukeheimar.

Forskjellane i kvalitet innanfor ein og same kommune er blitt så store at til og med hjelpepleiarane sin organisasjon er-kjenner at problemet ikkje berre er knytt til løn og personalressursar.

— Kvaliteten på pleien varierer mykje, og det er ikkje berre spørsmål om bemanning, stadfestar fagkonsulent Siri Bøgh i Norsk Helse- og Sosialforbund.

Forbundet har kravd at regjeringa inn-fører bemanningsnormer for norske sjukeheimar, som dei meiner er ein føresetnad for jamnare kvalitet på tenestene. Samtidig erkjenner forbundet at bemanning ikkje er heile svaret.

— Vi vil ha normer for bemanning som i barnehagar og skuleverk. Men samtidig må ei rekke andre ting vere på plass for å sikre jamnare kvalitet, seier Bøgh. I vår vil den såkalla kvalitetsmeldinga bli lagt fram for Stortinget, der signal tyder på at utvalet ikkje vil tilrå minimumsnormer for bemanning på norske sjukeheimar.

I 1997 starta regjeringa sin handlingsplan for eldreomsorga, ei satsing som i desse dagar går mot slutten. 70 til 80 prosent av bebuarane på norske sjukeheimar er i varierande grad råka av demens. Og forsking viser at dei aller mest pleietrengande faktisk har fått det verre i løpet av politikarane sin satsingsperiode. (Kjelder: Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring og Rokkan senteret).

— Det er store variasjonar blant dei reaksjonane vi får frå medlemmene. Nokre seier dei sluttar i yrket fordi dei ikkje orkar meir, fordi dei aldri synest dei får gjort ein jobb som er god nok, seier Siri Bøgh.

— Det er ofte forstemmande å sjå kor små ressursar som blir brukt på dei mest pleietrengande. Det er underskot på aktivisering, fysioterapi, ergoterapi, pleie og legetilsyn. Vi har mange som aldri kan bli kurerte, men å hjelpe folk til å leve med sjukdom og handicap har for lite status i helsevesenet.