Det stadfester Bernt Stilluf Karlsen. Karlsen som var ein av eigarane av rådgjevingsselskapet Procorp, var rådgjevar for det russiske selskapet Yukos som kniva med Kjell Inge Røkke og Aker om å få kontroll over Kværner.

«Alle» trudde på avlytting

Andre kjelder som sto sentralt i kampen om Kværner, opplyser til Bergens Tidende at «alle i miljøet snakka om at det pågjekk avlytting og at ein difor tok sine forholdsreglar».

Grunnlaget var opplevingar ein hadde med telefonen. Tryggingsekspertar vart hyra inn for å undersøke telefonar og lokale. Dei konkluderte med at det var «overvegande sannsynleg» at «nokon hadde vore inne» utan at ein kunne peike ut nokon spesiell.

Ifylgje BT sine kjelder skal Christian Bjelland, som var styreleiar i Kværner i denne krtiske fasen, ha gjort det klart at han ikkje ein augneblink var i tvil om at selskapet vart utsett for avlytting. Difor la ein det til grunn. Støysendarutstyr vart installert i møterom for å motverke avlytting.

BT freista i går å få Bjelland i tale men han var ikkje tilgjengeleg.

«Frikjenner» Røkke

Karlsen opplyser at Procorp vart utsett for datainntrenging der uvedkomande tok seg gjennom brannmuren. Selskapet fann også grunn til å skifte ut telefonar og mobiltelefonar.

Samstundes «frikjenner» Karlsen Aker og Kjell Inge Røkke for skuldingar og mistankar om at dei sto bak avlytting:

— Vi var ganske sikre på at elektroniske signal frå arbeidet med denne saka var på avvegar. Men eg har inga tru på at det var noka kopling til Aker. Opplysningane som skal framgå av den hemmelegstempla politirapporten nå, og som knyter avlytting til Aker og Kjell Inge Røkke, trur eg er reint «gatesladder». Den innfallsvinkelen trur eg rett og slett ikkje noko på, seier Karlsen.

Andre inderessentar

— Aker og Røkke hadde så mykje informasjon, eit så godt nettverk og så mange kjelder at dei rett og slett ikkje ville hatt behov for avlytting. Derimot trur eg mange andre interessentar kunne ha interesse av å skaffe seg opplysningar. Det kunne vere obligasjonseigarar som var usikre på korleis det gjekk med Kværner for å verne sine eigne investeringar. Store pengebeløp sto på spel. Då var det viktig å fylgje pengestraumane. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at russiske styresmakter var interessert i å skaffe seg informasjon for å fylgje med i kva Yukos gjorde, seier Karlsen.

— Vi forstår ingenting av kvifor vi er trekt inn i denne saka. Vi vonar alle kort blir lagt på bordet. Vi har aldri hatt noko å gjere med den type aktivitet som det her er snakk om, seier kommunikasjonsdirektør Geir Arne Drangeid i Aker ASA, og legg til:

— Alle som kjenner prosessen frå den gongen veit at var det noko ingen lurte på, så var det kva Odin forvaltning meinte i Kværner-saka. Det kunne ein lese i avisene kvar dag. Difor er det ein alvorleg logisk brist berre å tenkje på å setje oss i samband med avlytting av Odin.