Partikolleger BT har vore i kontakt med berømmer KrF veteranen for hans freidige utspel i BT i går.

Tungesvik sa like ut at han synes det er for få eldre på Stortinge. Sjølv kan psykiateren og den tidlegare stortingsrepresentanten godt tenkja seg ein ny periode på Stortinget.

Trongt i toppen

Slik BT forstår trives partiets tre Hordaland-representantar som plomma i egget på Stortinget. Skulle ein av dei trekkja seg, vil det verta kamp om eventuelle ledige plassar. Mange meiner det er rettvisst at statsråd Laila Dåvøy, statssekretær Kristin Ravnanger og statssekretær Knut Arild Hareide er fortente til ein plass på ein av dei øverste plassane.

— Modig, seier partileiar i Hordaland Torill Selsvold Nyborg og understrekar at Tungesvikhar heilt rett i at det er for få eldre på Stortinget.

— Men han må nok rekna med at fjerde plassen vert fyrste ledige plass. Det er vel lite truleg det blir plass for ein ny mann høgare på lista.

Kjenner ikkje nakkepust

— Nei, eg kjenner det ikkje slik, svarar stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn (49) då BT spør om han kjenner Tungesviks pust i nakken. Sunnhordalandsrepresentanten var i si tid Tungesviks wonderboy. Han hjelpte Sørfonn fram og opp i politikken.

— Men eg er ikkje overraska, forsikrar han.

— Hans Olav er framsynt mann. Han forstår at etterkvart som 68-generasjonen vert eldre, vert det også rom for eldre der avgjerdene vert fatta.

— Dette var sprekt. Det er altfor få gamlingar på Stortinget, seier leiaren i KrFU, David Hansen.

— Det må bli slutt på at medlemmer av storting og regjering skal vera rundt 50. Men dei eldre kan ikkje ta plassen på bekostning av dei unge, legg han til.

ØNSKJER COMEBACK: Hans Olav Tungesvik (66) sa nei til attval på Stortinget då han var 49 år gamal. Men no er KrF-veteranen lei av at pensjonistane vert oversett i samfunnsdebatten, og ønskjer å gjere comeback som rikspolitikar.
FOTO: ROBERT BRAATHEN