Fleire forhold gjer at det er ekstra vanskeleg å få innsyn i korrespondansen til og frå statsministerens kontor.

Statsministerens kontor og Finansdepartementet leverer berre papirkopiar av postjournalane sine til pressesenteret i regjeringskvartalet, der berre pressefolk har tilgjenge.

Mange dagar forseinka

Undersøkingar Bergens Tidende har gjort, viser at desse papirkopiane av journalane i fleire tilfelle ligg mange dagar på etterskot.

Såleis var siste levering av journalen frå statsministerens kontor per 12. november, levert 4. november. Det betyr at ein låg ei veke på etterskot.

Informasjonssjef Øivind Østang ved statsministerens kontor uttalar til Bergens Tidende at statsministerens kontor seier seg lei for dette. Han forklarar at forseinkinga dels kjem av arbeid med omlegging til elektronisk arkiv og dels sjukdom. Han opplyser at kontoret torsdag 13. sendte over kopi av postjournalen for perioden 5.-12. november.

Finansdepartementet leverer postjournal avdelingsvis, og her er det store skilnader. Verst var Finansavdelinga, som per 12. november sist hadde levert journal 23. oktober, det vil seie tre veker på etterskot.

Dårleg tilgang

Alle offentlege etatar skal føre ein postjournal som i prinsippet skal vere tilgjengeleg for einkvar, i etaten sine kontorlokale. Journalane har sidan 1988 vore tilgjengelege for pressa i eit eige pressesenter i regjeringskvartalet.

Her har berre journalistar hatt tilgjenge. I praksis blir innsynsretten praktisert og handheva av pressa på vegner av publikum. Og pressa har i fleire år fått tilgang til postjournalane elektronisk via internett.

Det er også fleire år sidan dei departementa som er tilknytta den elektroniske postjournalen, leverte papirkopiar av journalen til pressesenteret.

I praksis er det difor den elektroniske postjournalen som er postjournalen.

Tiårig prøveprosjekt

Den elektroniske postjournalen har eksistert som eit prøveprosjekt sidan 1993 med tilgang for pressa.

Administrasjonsdepartementet har i fleire år arbeidd med å skulle lage ei ordning som gjev einkvar tilgang til søk i dei elektroniske postjournalane i departementa. For meir enn eitt år sidan bestemte departementet at prøveprosjektet med elektronisk postjournal, som pressa har tilgang til, skulle avviklast. Men i siste liten fann ein ut at ein ikkje hadde makta å etablere eit brukbart alternativ, og nedleggingsvedtaket til statsråd Victor D. Norman vart reversert. I mellomtida vart prøveprosjektet forlenga for eitt år.

n Postjournalen er ei viktig kjelde for presse og publikum til å kikke forvaltning og politikarar i korta.

n Retten til innsyn er regulert gjennom offentleglova frå 1970.

n Det siste tiåret er det avdekka fleire brot på lova som skal sikre offentleg tilgang til politiske dokument.