Staten må nå betale tilbake 96.000 kroner i for mykje innkrevd barnebidrag, og betale sakskostnadar på tilsaman 113.000 kroner. Vedtak om barnebidrag fatta av Fylkestrygdekontoret i Akershus og trygdekontoret i Vestby, blir begge kjent ugyldige.

Gav nesten opp

— I dag er eg svært glad og litt overraska etter at eg hadde tapt i alle tidlegare instansar. Eg fekk korkje medhald hjå sivilombodsmannen, klagenemnda for likestilling, trygdekontoret, fylkestrygdekontoret eller i departementet.

— Ei veke før retssaka var eg inne på å gje heilt opp. Dessto gladare er eg nå. Og så vonar eg at staten ikkje ankar og at heksejakta nå er slutt, seier Stig Breistein til Bergens Tidende.

Breistein fortel at han har fått telefonar og meldingar frå heile landet frå fedrar og andre som har sympatisert med saka hans.

«Stå på»

— Ei godt vaksen bestemor oppfordra meg til å stå på. Ho hadde sjølv misst kontakten med barnebarna etter at sonen hennar var blitt skilt. Mange av dei som har ringt, er i same situasjon som meg, men dei har ikkje orka å kjempe vidare.

Breistein seier han vil oppfordre Barne- og familiedepartementet til å gjere noko med regelverket. Men han har lita tru på at det vil skje, ut frå dei haldningane han meiner å ha møtt der.

— Eg trur mange skilte fedrar føler som meg: er du skilt og mann, er det fullt lovleg å drive heksejakt på deg. Ut frå det eg veit er det mange fedrar som klarer å stille opp for barna, ikkje på grunn av regelverket, men trass i regelverket. Eg har også merka meg at retten kjem med eit kraftig spark til departementet i dommen, seier Breistein.

Brev til Bondevik

Breisetin opplyser at han har skreve brev til statsministeren om saka si tidlegare. Nå vil han på ny skrive til statsministeren.

— Det har vore mykje debatt om sjukefråver og korleis få sjukefråveret ned. Det som er sikkert, er at mange samværsforeldre har stort sjukefråvær. Å gjere noko med dette regelverket, kan difor bety sterkt redusert sjukefråvær, seier Breistein.

- For vide fullmakter

Breistein rettar også søkelyset mot Trygdeetatens innkrevingssentral. Han meiner dei har for vide fullmakter.

— Dei er både saksbedandlarar og har rett til å opptre som namnsmann. Dei kan gå direkte inn på kontoen din og overføre pengar.

— Dei truga meg med å tvangsselje boligen min der eg bur saman med barna. Det gav dei først opp etter at dei forsto at gjelda på boligen var høgare enn det ein kunne vente å få ved sal. Grunnlaget var ei bidragsgjeld på om lag 20.000 kroner. Nå må trygdeetaten i staden betale meg pengar tilbake. Hadde dei gjennomførd tvangssalet, ville eg aldri ha greid å kjøpe boligen tilbake, seier Breistein.

Breistein meiner mange fedrar har alt å vinne på å fortelje ope om sakene sine i media.

— Det vil ofte vere den beste måten for å vinne fram og få gjennomslag, seier han.

VANT: - Eg vonar nå at heksejakta er slutt og at staten ikkje ankar, seier Stig Breistein til Bergens Tidende.<br/> ARKIVFOTO: RICHARD SAGEN