VIDAR YSTAD

Oslo

Einar Holstad har hatt 2. plassen på stortingsvallista, bak Valgerd Svarstad Haugland, sidan 1997.

I år vraka nominasjonskomiteen Holstad frå 2. plassen. Komiteen tilbaud han 4.-plassen. Det takka Holstad nei til. I staden let han seg stille mot Valgerd til kamp om 1.-plassen.

— Von om å bli valt

— Eg har von om å bli valt, elles hadde eg ikkje stilt opp, seier Holstad til BT.

Det har vore mange spekulasjonar over Valgerd Svarstad Haugland sitt kandidatur. Ikkje minst har spekulasjonane og synspunkta gått høgt etter at boka om Valgerd, forfatta av Olav Kobbeltveit, kom ut.

Som Bergens Tidende har meldt, har Valgerd vore redd for at boka ville svekke hennar kandidatur. Men dagen før nominasjonsmøtet, er det lite som peikar i den retninga.

Nominasjonsmøtet har i alt 103 utsendingar. Dei store laga med mange utsendingar, vil etter alt å døme slutte mannjamnt opp om Valgerd. Størst er Bærum med 13 utsendingar og Asker med ni utsendingar.

Optimistisk

Det kan verke noko optimistisk at Holstad, som nominasjonskomiteen har vraka, skal vere den som er i stand til å utfordre Valgerd.

Eit poeng som nominasjonsmøtet må vurdere er om Holstad vil vere mann for å trekkje fleire veljarar for å trygge eit mandat som er yttarst utsett. Det er det få innvidde som har tru på.

Trur på Valgerd-siger

Leiaren i nominasjonskomiteen, Nils Sikveland, seier til BT at han både vonar og trur at innstillinga frå nominasjonskomiteen blir fylgd på nominasjonsmøtet.

— Det er ein heilt samstemmig komite som står bak framlegget som bygger på tilrådingane og framlegga frå lokallaga. Komiteen er breitt samansett med representantar frå heile fylket, seier Sikveland.

Leiaren for Kristeleg Folkepartis Kvinner i Akershus, Hilde Sunnanå, opplyser til BT at kvinneorganisasjonen går klart inn for Valgerd.

Leiaren for ungdomsorganisasjonen, Baguma Buranga, opplyser at også KrFU står bak Valgerd.