Fire lokallag i Norske Kvinners Sanitetsforening har invitert 9. og 10.-klassingar på Lindås, Kaland og Årås ungdomsskular til ein konferanse om valdtekt.

I ei pressemelding heiter det at valdtekt og seksuelle overgrep er eit stort samfunnsproblem, som ikkje vert teke på alvor. Derfor vil sanitetskvinnene no ha temaet på dagsordenen.

— Ungdom er ei svært utsett gruppe. Ofte skjer slike overgrep i samband med rusbruk. Som Noregs største kvinneorganisasjon kan vi ikkje vere likegyldige til dette.

- Haldningsskapande arbeid

Lindås ungdomsskule har takka ja til invitasjonen på vegner av 9.- og 10.-klassingane sine.

— Vi veit alle at unge hamnar borti sexpress. Det ville vere ein illusjon å tru at dette ikkje gjeld våre, seier rektor Ragna Midtbø.

— Ungdom er ikkje alltid så bevisste på kva som er normalt samleie og kva som er valdtekt, og både jenter og gutar treng å bli bevisste på kvar grensene går. At dette blir belyst av fagfolk frå ulike perspektiv, trur vi kan vere godt haldningsskapande arbeid, seier rektoren.

- Ungdom utsett gruppe

Over 90 prosent av alle valdtekter og seksuelle overgrep blir ikkje melde til politiet, skriv sanitetskvinnene i pressemeldinga.

— Årsakene kan vere skam, frykt for ikkje å bli trudd, eller at gjerningsmannen er ven, familie eller nabo. Erfaringane til fagfolk er at seksuelle overgrep kan føre til alvorlege og langvarige psykiske lidingar, i verste fall medisinsk uføre, står det.

— Dei menneskelege kostnadene er store. Andre skader er at ofre kan slite med å føde barn. Berre ein prosent av sakende som vert prøvde for retten, endar med at tiltalte vert dømd.

- Viktig å vere tidleg ute

Elin Mæhle er spesialist i klinisk psykologi og ein av fagfolka som skal delta på konferansen i Mongstadhallen 17. mars. Ho roser sanitetskvinnene for initiativet og seier at det er naturleg og viktig å halde ein valdtektskonferanse for ungdom.

— Det er viktig å vere tidleg ute med kunnskap og verdidiskusjonar, seier Mæhle, som arbeider ved Institutt for krisepsykologi.

— Nokre ungdommar har kanskje ikkje tenkt gjennom problemstillingar rundt dette temaet og treng å bli bevisstgjorde. Andre kan alt ha hatt negative opplevingar og sjølv opplevd erfart seksuelle overgrep.

- Haldningsskapande

Også rektoren på Lindås ungdomsskule er glad for initiativet

- Ungdomsskuleelevar er ikkje litt unge for d enne tematikken?

— Vi har vore innom den tanken. 10.-klassingar får sex- og samlivsundervisning, og på konferansen blir det etiske perspektivet belyst. Vi trur at fagfolka som deltek på konferansen kjem til å balansere dette på ein god og haldningsskapande måte, seier Midtbø.

Les også:

« Så lenge 14-åringer tviler på om det er lov til å si nei til sex, vil det viktigste våpenet mot voldtekt være kunnskap ». Les kommentaren av BT-journalist Liv Skotheim.