Elleve gonger har heilårsallergikaren Gunnar Soldal kome til Dr. Knut Håvågs legepraksis, etter at han bestemte seg for det fireårige vaksinasjonsprogrammet mot allergi.

— Eg er veldig plaga med nysing og rennande auger, og hadde høyrt at vaksine skulle hjelpe, fortel Soldal til BT.

Programmet har alt hjelpt søstera hans. Men dei mange nålestikka 24-åringen har fått mot gras, bjørkepollen og husstøv sidan desember har sannsynlegvis vore til ingen nytte. Denne veka, fekk Soldal vite at spesialistpraksisen blir nedlagt.

— Dette var veldig dumt. Eg har vore her mange gonger, og no må eg avslutte midt i behandlinga, seier Soldal oppgitt.

— Vi veit rett og slett ikkje kor vi kan henvise deg etterpå, beklagar bioingeniør Heidi Rakvaag, som har arbeidd i spesialistpraksisen i atten år.

Allmennlegar kvir seg

Haukeland universitetssykehus har liten kapasitet og lange køar når det gjeld allergivaksinering, og få private spesialistar på Vestlandet tilbyr vaksinen.

Desstuan kvir mange allmennlegar seg for å setje desse sprøytene. Årsaka er først og fremst at vaksineprogrammet er omfattande og arbeidskrevjande. Det tek fire år før pasienten er ferdigvaksinert, og dei første femten vekene må pasienten kome ein gong i veka.

Dei neste åra kjem pasienten ein gong i månaden, og mange får både tre og fire spøyter om gongen.

Fordi det kan oppstå kraftige allergiske reaksjonar etter vaksinen, og adrenalinbehandling kan bli nødvendig, må det dessutan vere akuttberedskap på plass.

— Å få allmennlegar til å gje vaksinen har alltid vore problematisk. Mange føler at dei manglar kompetanse, og dessutan er vaksineringa ressurskrevande og tungvint, forklarar Rakvaag til BT.

Fortvilte pasientar

Men pasientane er villege til å reise langt for å få desse sprøytene.

— For tida har vi pasientar både frå Bømlo, Kvinnherad, Høyanger, Øystese og Meland. Dette er ikkje noko folk utset seg for med mindre dei er desperate. Desse pasientane har prøvd alt anna, og hadde neppe fullført behandlinga, hvis dei ikkje hadde merka at det hjelper.

— Kva reaksjonar har de fått frå pasientane?

— Dei fleste forstår det ikkje, og blir leie seg. Få andre vaksinerer mot allergi, og vi anar ikkje kor vi skal henvise dei i framtida. Derfor må mange avslutte vaksinasjonsprogrammet før dei er ferdige.

- Mykje, mykje betre

I snart to år har Leif Jonny Mandelid blitt allergivaksinert hos Dr. Håvågs praksis. Han har like lang tid igjen, men fryktar no at han må avslutte ved halvgått løp.

— Veldig synd! Eg har hatt gode resultat. Pollensesongen i fjor var min beste på mange, mange år, seier Mandelid.

Då han brukte allergimedisin, var han sterkt plaga av biverknadar. No må han kanskje likevel tilbake til tablettane.

— Kan ikkje ein annan lege gje deg resten av sprøytene?

— Allmennlegar er ikkje utan vidare innstilte på eller skulerte til å gje denne vaksinen. Uansett er eg avhengig av å gå til spesialist for å få vaksiner på blå resept, så å gå til allmennpraktikar igjen vil ikkje dekke mitt behov.

EFFEKTIV VAKSINE: Mange allergikarar fryktar at dei må avslutte behandlinga midt i vaksinasjonsprogrammet, men Birthe Therkelsen har hat flaks. Ho har fått sprøyter sidan 1999, og er ferdigbehandla før dr. Håvågs kontor må stenge. Bioingeniør Heidi Rakvaag set sprøyta.<p/>FOTO: ØRJAN DEISZ