Dette er ei av dei mest kontroversielle sakene på landsmøtet. Stoltenberg nemnde sjølv denne saka då BT i går spurde om kva vedtak partileiinga er minst trygge på utfallet av.

— Eg vil la debatten gå utan å gje uttrykk for noka meining. Så får vi sjå om partileiinga skal engasjere seg, seier Stoltenberg.

Denne saka blir avgjort av landsmøtet utan at Stoltenberg og resten av partileiinga får delta i voteringa. Dei har nemleg ikkje røysterett. Ap har, ulike dei andre partia, den ordninga at sentralstyret og landsstyret ikkje har røysterett.

Stoltenberg seier at partiet likevel kjem til å gå inn for sterkare tiltak mot hallikverksemd og trafficking. Ved tidlegare høve, seinast i 2005, gjekk Ap sitt landsmøte mot å kriminalisere sex-kjøp. Justisminister Knut Storberget kjempar derimot energisk mot kriminalisering.

Ved ikkje å ytre seg no unngår Stoltenberg å li den lagnaden som SV-leiar Kristin Halvorsen fekk då ho vart overkøyrd av sitt eige landsmøte i denne saka. Med knapt fleirtal gjekk SV inn for kriminalisering.

FNs tidlegare generalsekretær, Kofi Annan, vil saman med tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, tale til landsmøtet i Ap. Dei skal i morgon snakke om Internasjonale utfordringar - Vår felles framtid.

— Med dette ynskjer vi å markere at det er 20 år sidan Brundtland-kommisjonen la fram rapporten sin om klima, miljø og berekraftig utvikling. Vi vil takka Kofi Annan for hans innsats som generalsekretær og for menneskerettane gjennom mange år. Han har på si side sagt ja til å kome og uttala at han vil møte «mine mange vener i Ap og takke for støtte eg fekk som generalsekretær i FN», opplyser Stoltenberg.