— Uttale frå samferdsleminister Terje Moe Gustavsen tyder på at Ringeriksbana ikkje vert aktuell før etter 2011. Det gjer meg forbanna, og det bør får ein del av våre eigne representantar på Stortinget og i regjeringa til å tenkja over ansvaret sitt i denne saka, seier Aps samferdslepolitiske talsmann i fylkestinget, Arne Jakobsen, til BT.Jakobsen siktar på særleg til dåverande samferdsleminister Kjell Opseth og noverande næringsminister Grete Knudsen. Båe to var sentrale i kompromisset frå 1992 då det vart skaffa fleirtal for Lærdalstunnelen mot lovnad om å byggja Ringeriksbana.- Eg vil ta opp denne saka på årsmøtet i Bergen Arbeidarparti til helga. Årsmøtet bør vedta ei kraftig fråsegn til Stortinget om å la Ringeriksbana få ein plass i Nasjonal Transportplan, seier Jakobsen.