VIDAR YSTAD

I går rykka partiveteranen, tidlegare stortingsrepresentant, Johannes Østtveit, ut og ba partifellene «halde kjeft» om nominasjonsstriden som nå rir partiet som ei mare. I dag samlest partitoppane til strategikonferanse i Tønsberg. Det skal ikkje stor fantasi til for å spå at det der vil summe av synspunkt og rykte omkring nominasjonsprosessen.

Kor brennbart temaet er, kjem tydeleg til uttrykk når Bergens Tidende kontaktar leiaren i Kr.F. sin kvinneorganisasjon, Rigmor Kofoed-Larsen.

Ho seier at ho ikkje har noka meining i spørsmålet om nominasjon av Valgerd Svarstad Haugland og Dagfinn Høybråten.

— Dette er fylka sitt ansvar og er ikkje vårt bord.

— Men som medlem av sentralstyret i partiet har du vore med på eit vedtak der sentralstyret oppmodar fylkeslaga i Østfold og Møre og Romsdal om å vurdere å nominere Høybråten. Det må då bety at du og partiet sentralt likevel har eit engasjement her?

— Eg har som sagt ingen kommentarar.

— Er det greitt for deg som leiar av Kr.F.K. om Valgerd ikkje kjem tilbake til Stortinget?

— Det har eg ingen kommentarar til. Dette er som sagt ei sak for fylka.

— Har oppmodingsvedtaket frå sentralstyret, som gjeld nominering av Høybråten, vore drøfta i Kr.F. K.?

— Det har eg ingen kommentarar til.

— Er dette temaet så brennbart at du ikkje kan svare ja eller nei på eit så enkelt spørsmål?

— Det har eg ingen kommentarar til. Men vi ser meir enn nok i avisene av utsegner og kommentarar om nominasjonsspørsmål knytt til Kr.F., seier den tidlegare stortingsrepresentanten.

Stortingsrepresentant Anita Apelthun Sæle er leiar for Kr.F. K. i Hordaland.

Heller ikkje ho vil seie eitt ord om det er viktig å sikre Valgerd Svarstad Haugland renominasjon til Stortinget.

— Eg er kandidat sjølv, og vi er midt i nominasjonsprosessen. Det er håplaust for meg å ta stilling til dette.

— Kunne det vere ei løysing på problemet Haugland/Høybråten å nominere Høybråten frå Oslo?

— Det vil eg ikkje uttale meg om.

— Kva med kvinneperspektivet?

— Som tillitsvald i Kr.F.K. vil eg generelt seie at det er viktig å nominere kvinner på sikre eller nesten sikre plassar.

«INGEN KOMMENTAR»: Anita Apelthun Sæle er mellom dei som er svært ordknapp når det gjeld nominasjonsstriden rundt Valgerd Svarstad Haugland og Dagfinn Høybråten.