— Tilhøvet no mellom prisen på gass og prisen på kraft fortel oss at det er for dårleg økonomi i gasskraft. Dessutan er det enno for mykje uvisst om CO2-utspelet til regjeringa. Det er snakk om ein tiltakspakke for å dekka meirkostnadene med å utvikla CO2-frie gasskraftverk, men vi veit for lite om dette, seier administrerande direktør Ole Rønning i Naturkraft til Bergens Tidende.

Trugar med bråk

— Utsleppsløyvet vi har går ut i 2004. Det vil seia at vi måtte ha starta produksjonen av gasskraft innan det året var ute. For å greia det, måtte vi ha gjort vedtak om bygging no i vår. Men sidan alt er så uvisst, er det altfor risikabelt. Difor treng vi lengre utsleppsløyve, seier Rønning.

— Og den meiner vi at Naturkraft bør få, seier Sylvia Brustad, Arbeidarpartiets talskvinne i energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Liknande signal har for lengst kome frå Høgre.

— Dersom olje- og energiminister Einar Steensnæs finn på noko anna, får han bråk, seier Sylvia Brustad, som meiner det er svært positivt at Naturkraft ser ut til å vera alvorleg interessert i utvikling av CO2-fri teknologi.

Gasskraft i 2004

I Skogn, derimot, køyrer Industrikraft Midt-Norge vidare med sine planar, som går ut på å vedta gasskraftverk til sommaren, med kraftproduksjon frå 2004. Ei investering på 3,5 milliardar skal gje eit kraftverk med ein produksjon på 6 TWh, like mykje som dei planlagde gasskraftverka på Kollsnes og Kårstø til saman.

— Også vi har eit utsleppsløyve som seier at vi må vera i produksjon innan utgangen av 2004. Det trur eg vi greier å halda, seier informasjonssjef Petter Haugan i Industrikraft Midt-Norge til Bergens Tidende.

Men Haugan opplyser at den formelle avgjerda om å byggja enno ikkje er tatt.

For dyrt med CO2-fritt

— No har Naturkraft vedteke å utsetja sine planar på Kollsnes og Kårstø fordi det ikkje er lønsamt enno. Kva slags reknestykke er det Industrikraft Midt-Norge sit med som Naturkraft ikkje kjenner til.

— Vi veit ikkje korleis Naturkraft reknar. For vår del tingar vi framleis med Statoil og Hydro om gasslevering og prisar. Resultatet der er enno litt uvisst, men vi trur likevel det går mot bygging.

— Har de vore i tingingar med Olje- og energidepartementet om statsstøtte for utvikling av CO2-fri teknologi?

— Vi har hatt møte med departementet, men ikkje om den saka. Etter vår meining er det framleis eit for stort kostnadssprang opp til CO2-fri teknologi, seier Petter Haugan.