Landsmøtet er det første etter at Norsk Lærarlag og Lærarforbundet fusjonerte til Utdanningsforbundet for vel to år sidan. Hjetland meiner det at organisasjonen har fått to ytre fiendar i utdanningsministeren og arbeidsministeren, har gjort at samanslåinga har gått bra.

— Kristin Clemet og Victor Norman har gjeve oss særs viktig drahjelp i vårt store prosjekt. På kvar sitt vis har dei trampa inn på arenaen. Med suveren forakt for spelereglane i arbeidslivet har dei utfordra våre medlemmer. Som kjent skal det godt gjerast å finne ein betre samlingsagent enn ein felles ytre fiende, sa Hjetland.

Lønnsskilnader

Talen vart karakterisert som ein god politisk tale av landsmøtedelegatar. Hjetland har 133.000 lærarar bak seg i organisasjonen.

Ein av grunnane til fiendebildet som er skapt av statsrådane, er at regjeringa sist vinter fatta vedtak om å overføre forhandlingsansvaret for skuleverket frå staten til kommunar og fylkeskommunar. No skal Utdanningsforbundet forhandle med to partar, Kommunenes Sentralforbund (KS) og Oslo kommune. Dei har ulike løns- og avtalesystem.

— Det er slutt på ein landsomfattande tariffavtale som skal gjelde alle lærarar. Og det er nettopp her utfordringane våre er store, seier Hjetland om systemet som vil skape lønnsskilnader i lærarbransjen.

Stridstema

Det er spørsmålet om lokale lønnsforhandlingar som er forventa å bli stridsspørsmålet på landsmøtet. Debatten om dette temaet startar i dag, og det er venta ein viss splid mellom dei to forgreiningane i organisasjonen.

— Lønn basert på utdanning, kompetanse og ansvar er vårt varemerke. KS på si side talar om innsats, resultatoppnåing og belønning, seier Hjetland.

— Det vi har opplevd i møte med KS og Oslo kommune, er arbeidsgjevarar som avlyser planlagde møte, som ikkje har noko å tilby og som ikkje har respekt for våre faglege rettar, seier Hjetland.

- Krigserklæring

— Det førebuande arbeidet med forhandlingane er i ferd med å stoppe heilt opp. Enno har vi ikkje høyrt noko meir frå den kanten enn at dei vil fjerne sentrale avtalar om undervisningsplikt og lønssystem. Dette er ikkje noko tilbod, det er ei krigserklæring, uttalte Helga Hjetland. Til ståande applaus frå landsmøtedelegatane.

Hjetland ser likevel at det ikkje er grunnlag for ein brei allianse som kan ta mål av seg til å fjerne heile systemet med lokale forhandlingar. Ho meiner utgangspunktet for debatten i dag må vere spørsmålet om korleis ein kan skape alliansar for å sikre lærarane sine interesser innanfor dei gjeldande ordningane, samstundes som ein er tydelege på prinsippa.