I ein nyleg framlagt evalueringsrapport om Utlendingsnemnda kjem det fram flengjande kritikk mot praksisen som har utvikla seg.

— Prinsipielt og praktisk blir det opplevd som svært problematisk at avgjerder i klagesaker, og dermed den endelege avgjerda, i hovudregel blir tatt av eit sekretariat. Det er etablert eit system som kan bli oppfatta som enkel administrativ sandpåstrøing av ei avgjerd tatt i ein underliggjande instans. I forhold til vanlege prinsipp i ein rettsstat er dette ganske oppsiktsvekkjande, heiter det i rapporten.

To konsulentfirma har i samarbeid med jusprofessor Jan Fridtjof Bernt stått bak evalueringsrapporten. Dei har følgt nemnda i halvtanna år, og dokumenterer at langt dei fleste klagene i asylsaker aldri kjem til behandling i samla nemnd.

Av 13.031 saker som var handsama i 2002 blei heile 65 prosent avslutta i sekretariatet. Nemndleiar åleine avgjorde 29 prosent av sakene. Berre seks prosent av alle saker kom til sjølve nemnda.

I rapporten heiter det at mellom dei sakene som blir avgjort i sekretariatet er det berre unntaksvis at det blir gjort endringar. Oftast skjer dette gjennom oppretting av klare feil tidlegare i handsaminga.