Ingen kjenner flaskehalsane i helsevesenet betre enn dei som sjølve har stått i kø for å bli friske. No kan du fortelje Hanssen di historie, eller gje råd om kva som må gjerast.

Skriv til Bjarne Håkon Hanssen her!


Bjørg Holm

leiar for Handikappforbundet på Voss

  1. Den største utfordringa er å setje pasienten i sentrum, og hjelpe folk til å leve eit best mogleg liv trass i helseproblem. Men dette krev ei endring av tankemønsteret. I styreromma må økonomane slutte å tenkje på sjuke folk som ein forretningsidé, og heller arbeide for å gje god helsehjelp.
  2. Meir klokskap frå hjelparane, og større satsing på rehabilitering. Skreddarsydde løysingar kan vere til god hjelp om dei fungerer. Eg forventar også at kommunikasjonen mellom faggrupper i helsevesenet blir betre. Mange pasientar treng ein los for å ikkje slite seg heilt ut på byråkratiet.

Ove Mjåtveit

pasientombod i Sogn og Fjordane

  1. Å dokumentere behandlingskvalitet. Slik vil det bli tydeleg at behandlingsmetodar og –kvalitet varierer i stor grad, og det vil bli lagt press på å gjere noko med det. Ved å offentleggjere behandlingskvalitet og inkludere dei i fritt sjukehusval, får pasientane ein reiskap til å gjere sin val ut frå kvalitet, ikkje berre ventetid.
  2. At samarbeidet og kommunikasjonen mellom helsetenestene i kommunar og sjukehus blir betre. Mitt forslag er at det blir ei lovfesta plikt å tilby pasienten kopi av legejournalar og sluttrapportar etter sjukehusopphald. Slik kan pasienten vere med på å sikre at planlagde aktivitetar blir følgde opp.

Svein Dåvøy

forbundsleiar i Norsk Revmatikerforbund

  1. Utfordringane er gigantiske. For revmatikarane er rehabilitering viktigast, men dette blir ikkje prioritert i dag. Behovet for fleire plassar er stort, og ventetida enormt lang. Konsekvensen er at folk ikkje klarar å halde seg i aktivitet eller arbeide.
  2. Eg forventar betre samhandling mellom spesialist— og primærhelsetenestene. Helsevesenet må bli meir effektivt, slik at pasientar kjem til undersøking tidlegare og får diagnose og behandling så raskt som mogleg. Rehabilitering, fysioterapi, varmtvassbasseng og behandlingsopphald i utlandet er til svært god hjelp for revmatikarar.

Rune Larsen

anestesioverlege og tilsetterepresentant i styret i Helse Førde

  1. Ulike kontoar og budsjett skapar unødvendige belastningar for pasientar, kommunar, heile systemet. Pasientens behov må styre pengane, ikkje økonomien eller kva nivå som finansierer dei ulike helsetenestene.
  2. Politikarane seier at fleire pasientar må takast hand om i den kommunale helsetenesta. Det trur eg er heilt rett. Men dei same pasientane er sjølve grunnlaget for mange lokalsjukehus. Skal mange behandlast kommunalt, treng vi færre lokale sjukehus. Ressursane må flyttast frå akuttberedskap til kronikarane, som den nye reforma først og fremst er retta mot. Tør politikarane ta konsekvensen av dette og forandre sjukehussystemet?

Gunnar Hetland

kommuneoverlege i Granvin

  1. Eg trur at ein dei største utfordringane til helseministeren i åra som kjem vert å skaffa nok legar til distrikta. Dei unge legane vil ha ordna arbeidstilhøve og fast arbeidstid. Difor søkjer dei til sjukehusa i byane eller til praksisar i dei store byane. Spesielt gjeld dette kvinnene som ikkje aksepterer at det er vanskeleg å kombinere yrkesrolla som allmennpraktikar med familieliv. Vi ser at fleire og fleire legepraksisar i distrikta på Vestlandet og i Nord Noreg no vert overtekne av legar med utanlandsk bakgrunn
  2. Eg ventar at dei som arbeider med den ny reforma legg vekt på å få til eit enkelt og effektivt samarbeid og informasjonsutveksling mellom sjukehusa og fastlegane.

Gunnar Ramstad

leiar i Hordaland Legeforening

  1. Papirarbeidet og skjemaveldet er vorte eit problem både for sjukehuslegar og oss allmennpraktikarar. Eg syns det har eksplodert etter NAV-reforma vart sett i verk.
  2. Vi legar er sjølvsagt positivt innstilte til endringar som kan koma pasienten til gode. Det gler meg at helseministeren har signalisert at han vil ha reformatorane til å sjå om sjukehusoppgåver kan overførast til primærhelsetenesta. Som almennpraktikar er eg sjølvsagt positiv til det. Det er dyrt å behandla pasientane i sjukehus. Mange mindre kompliserte oppgåver kan utførast like godt i primærhelsetenesta berre rammevilkåra vert bra nok.

_Les også:

Skeptiske til ny Hanssen-resept_

SCANPIX