• LO må bidra langt sterkare til å utvikle ein miljømessig og framtidsretta industri i Norge. Det er ikkje nok å vere oppteken av arbeidsmiljø og helse.

Dette seier miljøvernminister Helen Bjørnøy til Bergens Tidende. I dag skal ho innleie om miljøutfordringane på landsmøtet.

Forbetringspotensial

— Eg vil kome med ei utfordring til LO i den talen eg skal halde. LO har eit klart forbetringspotensial. Det er viktig å ta eit oppgjer med tradisjonelle måtar å tenke kostnadseffektivitet. Stern-rapporten viser at det i løpet av kort tid vil vere meir lønsamt for industrien å trekke inn miljøaspektet ved produksjon, enn å halde fram i gamle spor. Det er dette som er framtidsretta, seier Bjørnøy

30 prosent kutt

— Kristin Halvorsen slo torsdag fast at eit godt klimaforlik i Stortinget vil vere å kutte klimagassutsleppa med 30 prosent innan 2020. Høgre, KrF og Venstre støttar alle eit slikt krav. Det same gjer Sp og SV. Altså heng det berre på Ap. Kva gjer du for å få bremseklossen Ap med på denne lina?

— Strategien er godt arbeid og god tale.

Nølande standpunkt

— Trur du Ap sitt nølande standpunkt er påverka av LO sine haldningar?

— Nei. Eg gjer ikkje det. Det eg kan seie er at vi arbeider med konkrete utformingar av tiltak på dei ulike sektorane. Det vil kome i klimameldinga som vi har lova å legge fram i løpet av våren utan at eg i dag kan tidfeste dette nærare.

Det skal vere eit godt samspel mellom dei kutta vi tek heime og dei kutta vi tek ute gjennom kvotehandel.