Eit par dagar før Kristeleg Folkeparti sitt landsmøte opnar i Molde, møter vi Knut Arild Hareide på Stortinget. 34-åringen er inne som varamann for Laila Dåvøy, som har fått ei virusplage.

Det var her Hareide hadde tenkt å slå seg til etter valet i 2005. Men tredjeplassen på lista i Hordaland var eit steg for langt nede. Elles hadde Knut Arild Hareide halde fram som nestleiar i KrF.

– Kanskje du til og med gjer ein ny freistnad på å koma inn på Stortinget i 2009. Men då vil du vel krevja ein sikker plass?

– Vi får no sjå, dersom eg vert spurd ..., svarar han. Men er snar å leggja til: – For all del, Hordaland KrF har to kjempegode representantar på Stortinget i Laila Dåvøy og Ingebrigt Sørfonn. I Dåvøy har Kristeleg Folkeparti landets fremste helsepolitikar, etter mitt syn.

Bratt karriere

Det var ikkje kven som helst veljarane i Hordaland sa nei takk til hausten 2005. Hareide var miljøvernminister i Bondeviks 2. regjering. Før det hadde siviløkonomen frå Norges Handelshøyskole vore politisk rådgjevar for skuleminister Jon Lilletun og statssekretær for finansminister Per Kristian Foss.

Mellom øktene i regjeringskontora tok han eit tak for Schibsted, der han kom inn på leiarutviklingsprogram i 1997. Karrieren i det private har vore bratt. Hareide er i dag organisasjonsdirektør i mediekonsernet.

– I lengda vert det for hardt å kombinera stillinga som organisasjonsdirektør med vervet som nestleiar i KrF. Det vert om lag som å freista vera i Barcelona og i Balestrand samstundes.

Berande søyler

Men Hareide vil vera aktiv i politikken framleis. Han skal leia KrF sitt programarbeid for perioden 2009 til 2013. Starten går på landsmøtet i Molde.

Nokre berande søyler står sjølvsagt fast, til så lenge. Ei av desse er nei til norsk medlemskap i EU. Og søyla står fast, sjølv om både avgåande nestleiar Hareide og dei tre som vil avløysa han, Odd Anders With, Ellen Solheim og Inger Lise Hansen, alle er ja-folk.

Ei anna søyle er nei til regjeringssamarbeid med Framstegspartiet. Den politiske avstanden er for stor. Hareide ser attende på dei to Bondevik-regjeringane, med reint sentrum og sentrum-høgre, som positive erfaringar.

Misnøgd ungdom

Når det gjeld velferd og samfunn har KrF ingen ting i mot materiell velstand, anten den er privat eller offentleg. Men meir enn andre legg KrF også vekt på verdiar som ikkje er materielle, og som då også er vanskelegare å måla.

– FN-organisasjonen UNICEF gav ut ei gransking for kort tid sidan som synte at norske ungdommar var mellom dei mest misnøgde i dei rike industrilanda. Og dette sjølv om Noreg på FN sin statistikk er eit av dei aller beste land i verda å bu i.

– Sjølv om forbruket går opp, så gjer ikkje det folk meir nøgde med tilværet. Dette meiner vi er viktig å ta tak i, og Kristeleg Folkeparti vil vera med og prega den debatten.

Femmar til Bjørnøy

– Du var miljøvernminister til regjeringsskiftet i 2005. Kva meiner du om innsatsen til din etterfølgjar, Helen Bjørnøy?

– Eg vil gje henne terningkast 5 – fordi ho tidlegare i vinter uttalte at Norge burde kutta utsleppa av klimagassar med 30 prosent innan 2020. Då vart ho offentleg refsa av Jens Stoltenberg.

– No har Stoltenberg på Ap sitt landsmøte kome opp med eit mål for norske klimautslepp; ein reduksjon på 30 prosent innan 2020; det same han refsa Bjørnøy for. Ein god del av dette kan ordnast med å kjøpa CO2-kvotar i utlandet, men eg går ut frå at Stoltenberg meiner at ein vesentleg del av CO2-kutta skal skje innanlands.

Dette vil KrF også gå inn for, og sjølv meiner eg at «ein vesentleg del» må bety minst 50 prosent. For KrF har dette med etikk å gjera. Vi kan ikkje berre kjøpa oss unna pliktene til å kutta utsleppa av klimagassar.

Hadde kjøpt Vidda

– Ville du til dømes ha gjeve ein privatmann løyve til å kjøpa ein stor del av Hardangervidda, slik Helen Bjørnøy gav lov til då ho var nyutnemnd i 2005?

– Nei, eg hadde kjøpt dette området for staten. På den andre sida trur eg ikkje eg hadde brukt 40 millionar statlege kroner på ei strandlinje på Bygdøy, slik regjeringa gjorde på same tid.

– Kompromisset om gasskraftverk på Mongstad, kva med det?

– For Kjell Magne Bondevik hadde det vore utenkjeleg. Vi hugsar at Bondevik vart kasta av Jens Stoltenberg i 2000 nettopp fordi Bondevik ikkje gjekk med på å byggja gasskraftverk utan CO2-reinsing.

LÅNER KONTORET: Knut Arild Hareide har lånt Laila Dåvøy sitt stortingskontor nokre dagar. Aller helst ville han ha eitt for seg sjølv. Kanskje frå 2009, dersom partiet og veljarane vil...?
Hilde Lillejord