Tidlegare har forskarar påvist at det å få barn tidleg, og i tillegg få fleire barn, vernar kvinner mot brystkreft.

No slår ei ny, norsk studie fast at kvinner med høg utdanning døyr langt oftare av brystkreft enn kvinner som berre har gått ungdomsskulen:

n Risikoen er 25 prosent høgare for kvinner med høgskule eller universitetsutdanning.

n Forskjellen er endå meir markant for barnlause kvinner. Heile 57 prosent fleire døydde av brystkreft i denne gruppa.

Over ein halv million norske kvinner er med i studien. Resultatet vart nyleg presentert i International Journal of Cancer.

Eldre førstegongsfødande

Alle norske kvinner mellom 35 og 54 år, som var busette i Noreg i 1990, er med i forskingsprosjektet.

Dei er blitt følgde ved hjelp av registerdata frå 1990 til 2001, og i løpet av desse elleve åra vart det registrert vel 2000 dødsfall på grunn av brystkreft. Høgt utdanna kvinner og barnlause er i tydeleg fleirtal på denne statistikken.

— Forklaringa er at kvinner med høg utdanning er eldre når dei får sitt første barn, og at dei får færre barn, seier forskar Bjørn Heine Strand ved Folkehelseinstituttet til BT.

Hos kvinner utan barn er det nødvendigvis andre faktorar enn barnefødslar som spelar inn, men forskarane veit ikkje kva.

— Det blir spekulasjonar. Nokon vel å ikkje få barn, mens andre ikkje kan få. I den siste kategorien kan det vere andre faktorar som spelar inn når det gjeld brystkreftrisiko, seier Strand til BT.

Alkohol aukar risikoen

— Årsakene kan også ha med livsstil å gjere. Blant anna har single kvinner og høgt utdanna kvinner ofte eit høgt alkoholforbruk, og vi veit at det er ein risikofaktor for brystkreft.

— Dette er dårleg reklame for høgare utdanning for kvinner?

— Poenget må vere å sette i gang og lage barn tidleg, i staden for å utsetje det, svarar Strand.