Trass i at det aldri før har blitt utdanna fleire legar her i landet, kjem stadig fleire doktorar frå utlandet. Årsaka er at distriktssjukehus og utkantkommunar slit med å få tak i norske legar.

Ein ringjerunde BT har gjort viser at ved sjukehuset i Odda er tre av fire overlegar utanlandske. I Eid og Lærdal har nesten halvparten av alle fast tilsette legar utanlandsk opphav. I Sogn og Fjordane kjem kvar fjerde praktiserande lege frå utlandet.

Var vikarar

— Dette reiser fleire problemstillingar. Kan dei språket godt nok? Kulturelle skilnader kan også skape problem. Det er heller ikkje sikkert at ein utanlandsk lege, om vedkomande er aldri så fagleg flink, kan trygdereglar og anna regelverk. Det er viktig, ikkje minst i primærhelsetenesta, seier fylkeslege Petter Øgar.

Større og meir sentrale stader har lågare utanlandsk legedekning. I heile Helse Bergen har 30 av legane utanlandsk statsborgarskap. Ved Førde sentralsjukehus gjeld det same i underkant av kvar femte lege. På Voss er fem av 18 fast tilsette overlegar danske.

— Dette er personar som tidlegare jobba i ulike vikarordningar ved sjukehuset. Dei likte seg godt, og vi likte dei. Dermed enda det opp med fast tilsetjing, seier direktør Rolf Abrahamsen.

Etisk dilemma

I tillegg har Voss ein vikarstafett der åtte svenske anestesilegar jobbar ei veke på sjukehuset.

— Fleire av desse har gått i denne ordninga i mange år. Vi håpar det skal gå med desse som med dei danske spesialistane vi fekk hit, at dei skal like seg så godt at vi til slutt kan få dei fast tilsette, seier Abrahamsen.

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane peikar også på eit anna dilemma. Denne veka høyrde han direktør Bjørn-Inge Larsen i Sosial- og helsedirektoratet slå fast at mangel på helsepersonell blir ei stor utfordring i framtida.

— Men legemangel er ikkje særnorsk, mangel på doktorar er eit global fenomen. Norge er mellom landa som har høgast legedekning. Når vi importerer helsepersonell blir det eit etisk problem. Vi støvsugar land med større helseproblem enn oss, meiner Øgar.