Den uvanleg tørre vinteren har gjort at vassmagasina i Buandet er tomme. Kulden har i tillegg har gjort at vassrøyra frå magasinet i Værlandet til Bulandet frose.

Det har ført til at kommunen må frakte drikkevatn i brønnbåt frå fastlandet. Vatnet blir så pumpa over i magasina.

— Til no har det kosta om lag ein halv million kroner, seier teknisk sjef i Askvoll kommune, Per Jan Ryland, til Firda.

For å kome tilbake til normale tilstandar, trengst det varmt vêr for å tine røyra.