— Marginane ser svært små. Det kan vere at det ikkje blir avgjort kven som får utjamningsmandatet, før riksvalstyret har komme saman tidleg i neste veke, kommenterer Knut Henning Grepstad, lokal valekspert i Sogn og Fjordane.

Gjennom heile valnatta skifta partia om å ha utjamningsmandatet. I morgontimane i dag var Per Steinar Osmundnes (KrF) inne. Dersom det blir resultatet, tyder det meste på at det blir den unge KrF-politikaren frå Gloppen som vippar Valgerd Svarstad Haugland ut av rikspolitikken.

Men no i føremiddag kan biletet vere i ferd med å endre seg på ny. Nye resultat frå oppteljinga har ført Gunvald Ludvigsen (V) i god posisjon til å ta sistemandatet.

I løpet av valnatta var både Sp og SV i lange periodar inne med utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane.