Denne gongen var det brann i ein trafo på Oseberg sør, og mannskapet mønstra livbåtane. Episoden føyer seg inn i ei urovekkjande lang rekke av hendingar i det nye året. Petroleumstilsynet ser alvorleg på utviklinga.

— Starten på 2006 har ikkje vore positiv, og vi har sett urovekkjande mange hendingar med potensial til å bli store ulykker. Vi ser alvorleg på det som har skjedd i januar, seier informasjonssjef Inger Anda i Petroleumstilsynet.

Det statlege tilsynsorganet har allereie beslutta å starte eigne granskingar av to episodar på høvesvis Visund og Ekofisk i januar. I tillegg kjem ei lang rekke andre hendingar med stort potensial for omfattande skader på miljø, person og tekniske installasjonar.

— Vi kjem til å følgje opp kvar enkelthending grundig. Men januar er ein altfor kort periode til å konstatere noko om korvidt dette er ein tendens, seier Anda. - Det vi kan seie, er at tilsynet ikkje er nøgd med nivået på HMS-arbeidet i norsk olje- og gassindustri.

Produksjonen vart tatt opp igjen etter ein halvtimes stans ved hendinga på Oseberg natt til onsdag, og ingen personar kom til skade. Tilsynet har beslutta å følgje opp hendinga overfor operatøren Hydro.

Så bra har det ikkje gått ved alle episodane tilsynet registrerte i januar. Fleire har resultert i personskade, og særleg alvorleg var ei hending på Ekofisk X fredag den 13. januar. Berre tilfellet gjorde at ein arbeidar slapp frå det med livet i behald da han fekk ei 700 kilo tung last over eine foten.

Dette var den tredje alvorlege hendinga på den Conoco Phillips-opererte Ekofisk X i januar, der tilfellet begge gonger gjorde at ingen vart skadd. Også Statoil, som har rundt 60 prosent av operasjonane på norsk sokkel, hadde ei rekke ulykker og episodar av varierande alvorsgrad i januar.