KJERSTI MJØR

Tjuefem prosent av alle norske kvinner over tjue år har problem med urinlekkasje i større eller mindre grad. Høg alder, overvekt, svangerskap og fødslar er kjende årsaker til at kvinner lekker urin. At også arve kan spele inn, er derimot ny kunnskap.

Dette er hovudfunnet i ei ny studie ved Institutt for samfunnsmedisinske fag i Bergen, som alt har vekt oppsikt i det internasjonale fagmiljøet.

I dag blir resultatet publisert i det velkjende medisinske tidsskriftet British Medical Journal.

Tretti prosent større risiko

Studien er ein av dei største i sitt slag, og alt i alt har 28.000 kvinner i Nord-Trøndelag svart på spørjeskjemaet.

Her er nokre av konklusjonane:

n Kvinner som har mødrer med urinlekkasje, har tretti prosent større risiko for å få lekkasje sjølv.

n Kvinner som har både mor og mormor med urinlekkasje, har to til tre gonger så stor risiko for lekkasjeplager.

n Kvinner med eldre systrer med urinlekkasje har seksti prosent høgare risiko.

Men førsteforfattar og lege Yngvild Skåtun Hannestad vil ikkje karakterisere funna som «overraskande».

— Eigentleg ikkje. Vi veit jo at svært mange sjukdommar delvis skuldast arv, seier Hannestad til BT.

— Men no kan det bli interessant å sjå om det er forskjellar i bindevev og muskulatur i bekkenbunnnen hos kvinner med og utan urinlekkasje.

- Pinleg og ekkelt

I jobben som assistentlege på Kvinneklinikken i Bergen, møter Hannestad ofte kvinner med lekkasjeproblem. Både unge jenter som føler at plagene hindrar dei i å trene, vere aktive og ha sex, til eldre damer som må bruke bleier dagleg.

— Mange fortel om innskrenka liv. Dei unngår visse situasjonar, er redde for lukt og føler seg skitne. Kvinnene opplever lekkasjene som pinlege og skammelege.

Ifølge Hannestad fortel berre kvar fjerde kvinne legen sin om plagene.

— Derfor er det viktig å snakke om dette problemet. Det finst mange gode behandlingsalternativ, og mange har fått hjelp, seier Hannestad.

Både bekkenbunnstrening og medisinering har vist seg å vere effektivt. Også operasjon har gitt gode resultat for kvinner med stresslekkasje - altså, ved hosting, løfting, hopping og liknande - som er den vanlegaste forma for lekkasje.