Den nye nestleiaren og partisekretæren skal veljast på landsstyremøtet i partiet 25. november. Dei får jobben med å bygge opp att partiet etter valnederlaget og årelatinga som er skjedd etter regjeringsskipinga.

Dei to skal erstatte Øystein Djupedal som trekte seg som nestleiar etter å ha blitt statsråd, og Bård Vegar Solhjell som gjekk frå partisekretærjobben til statssekretærjobb ved statsministerens kontor.

Både nestleiaren og partisekretæren skal ha fulltidsjobb ved partikontoret i Oslo, slik det også har vore før regjeringsskiftet.

— I praksis vil dei to ha den daglege leiinga i partiet, markere, bygge og profilere partiet, seier leiaren i valnemnda i SV, Per Østvold, til Bergens Tidende.

Han legg til at Kristin Halvorsen er «uomstridd som partileiar» og at ho har oppslutnad frå alle hald i partiet. Men med dei arbeidsoppgåvene Kristin Halvorsen nå har fått som ny finansminister, vil dei tyngste partioppgåvene falle på nestleiaren som arbeider ved partikontoret.

Mange vil ha Lysbakken

Per Østvold opplyser at valnemnda ikkje har starta arbeidet sitt ennå. Men han har fått ei lang rekkje innspel frå lokallag og einskildpersonar som vil ha Audun Lysbakken som ny nestleiar.

— Det er også mange som har lansert Ingrid Fiskaa som ny partisekretær. Nokre framlegg går også på Sigbjørn Molvik som nå er konstituert i den posten, seier Østvold.

Audun Herning, som er leiar i Sosialistisk Ungdom, opplyser til Bergens Tidende at Lysbakken og Fiskaa er SU sine kandidatar til dei to verva som nå skal fyllast.

Lysbakken frå Bergen og Fiskaa frå Rogaland står klart på venstresida i SV. Lysbakken var vald stortingsrepresentant i førre periode og er nå første vararepresentant frå Hordaland. Fiskaa var vararepresentant frå Rogaland i dei to førre stortingsperiodane og møtte fleire gongar på Stortinget.

Mange i partiet meiner nå det er behov for ei sterkare markering av partiet, og at eit liv i regjeringskontora ikkje er det fremste målet for dei som engasjerer seg i SV.

- Ta makta tilbake

Bergens Tidende er kjent med at det er sterke reaksjonar internt i SV over måten partiet har rekruttert til regjeringskontora på: Nå må dei unge og dei eldre ta makta i partiet tilbake, som det blir formulert overfor Bergens Tidende.

Ikkje berre har Kristin Halvorsen teke med seg dei to nestleiarane og partisekretæren inn i regjeringsapparatet. Ho har også «tømt» gruppesekretariatet på Stortinget. Sekretariatsleiaren og fleire av rådgjevarane har forlate arbeidsplassane sine til fordel for regjeringskontora. For mange har det dessutan vore ein provokasjon i seg sjølv at Erik Solheim vart gjort til statsråd. Det skjedde trass i at det vart åtvara mot dette i stortingsgruppa. Solheim er som ein raud klut i vide krinsar i SV.

SV-STJERNE: Audun Lysbakken.