– Oppringingane deira er ubehagelege. Dei gjev meg ei dårleg kjensle, seier Jensen Risnes som har termin om to dagar.

Onsdag denne veka vart Austrheim-kvinna ringt opp av Landsforeningen uventet barnedød med spørsmål om å støtta foreninga gjennom kjøp av kalender og skrapelodd.

– Påfallande

– Dei ringte meg to gonger. Første gong på føremiddagen, men då låg eg og kvilte og tok ikkje telefonen. På ettermiddagen ringte dei påny. Påfallande, ettersom terminen berre var nokre dagar unna, tykkjer 30-åringen.

Det vert ikkje mindre påfallande av at ho opplevde det same for to år sidan, då sonen Andreas kom til verda.

– Då vart eg ringt opp berre kort tid etter at me kom heim frå klinikken.

Elisabeth sin ektemann, Jostein Risnes, tykkjer heller ikkje at telefonane er særleg passande.

– Me har opplevd ein dødfødsel i næraste familie, så for oss vert det ein ekstra belasting å få slike påminningar, innrømmer han.

Enorm lesarrespons

Bergens Tidende omtala det spesielle telefonsalet i går. Det vart referert til ei 42 år gammal Husnes-kvinne som vart ringt opp av krybbedødforeninga medan ho låg i fødselsrier. I kjølvatnet av saken har BT motteke eit tosifra antal historiar frå kvinner som har opplevd liknande episodar i løpet av graviditeten sin, eller like etter fødselen.

– Eg er vorten kontakta på telefon to gonger av krybbedødforeninga. Begge gongane var eg gravid, og eg tvilar sterkt på at det var tilfeldig. Synest det er skremmande dersom desse foreningane har tilgang til arkiv/journalar som koplar dei til gravide kvinner, skriv Gro Hummelsund på Lysaker i ein e-post til BT.

– Eg vart ringt opp då eg var gravid i 1999, men aldri seinare. Korleis kunne dei vita at eg venta barn? spør Gyda.

Etter ein tvillingfødsel for nokre år tilbake fekk Reidun Nordvik beskjed om at eitt av borna hennar hadde hol i hjarta, i tillegg til ein bilyd. Dagen etter at ho kom heim frå klinikken vart ho ringt opp. Rett nok ikkje av Landsforeningen uventet barnedød, men av Foreningen for hjertesyke barn.

– På toårskontrollen kom meldinga om at også den andre tvillingen hadde ein bilyd på hjarta sitt. Det same skjedde. Berre nokre dagar etterpå var Foreningen for hjertesyke barn på tråden igjen. Då slutta eg å tru på at dette er tilfeldig, fortel Nordvik i ein annan e-post.

Detbattforuma på nettstader som barnimagen.com, dinbaby.com og babyverden.no er fulle av dei same mistankane.

fakta

  • Landsforeningen uventet barnedød er ein forening til felles støtte og hjelp for dei som opplever å mista eit barn.
  • Gjennom eit landsomfattande nettverk av frivillige foreldre som sjølv har mista eit barn, får ein tilbod om omsorg og sorgstøtte.
  • Verksemda sitt telefonsal genererer ein bruttoomsetnad på 15 millionar kroner årleg.
UBEHAGELEG: Oppringingane er ubehagelege. Dei gjev meg ei dårleg kjensle, seier Jensen Risnes som har termin om to dagar. FOTO: JAN M. LILLEBØ
Lillebø, Jan M.