Det er ein av veteranane i norsk fiskeripolitikk, departementsråd Jørn Krog i Fiskeridepartementet, som står for analysen av kva som skjedde etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing for 15 år sidan.

— Veldig mange ting gjekk i oppløysing. Det oppsto eit forvaltningsmessig og lovmessig vakuum. Vi så jo problema, men vi forsto vel ikkje i starten kor lang tid det ville ta før ein fekk reorganisert seg, seier Krog.

Omfattande tjuvfiske

I dette vakuumet har tjuvfiskarar kunne drive eit milliardfiske etter torsk i Barentshavet. Minst ein fjerdepart av torsken vart fiska ulovleg i fjor.

15 år etter at Sovjetunionens fall er organiseringa av fiskerinæringa på russisk side i ferd med å falle på plass

— Du ser det for eksempel ved at den russiske kystvakta har vore på havet, og fått folk dømt, delvis ved hjelp av norske bevis, seier Krog.

Manglande russiske tiltak mot tjuvfisket skuffa norske fiskeristyresmakter.

Krog erkjenner at det kan ha vore like mykje mangel på evne som mangel på vilje som låg bak.

No er han meir optimistisk enn på lang tid, med omsyn til å få bukt med det ulovlege fisket.

Eit stort sprang framover kom i fjor, då Russland slutta seg til eit nytt hamnestatsregime for fisk i Europa.

Blir vanskelegare

Under dette regimet har hamnestaten - der fisken vert levert - ansvaret for å kontrollere at ikkje ein fisk kjem inn i landet utan at det kan dokumenterast at den er fiska på lovleg vis og på lovleg kvote. Målet er å gjere dette til eit verdsomspennande system i kampen mot ulovleg fiske.

— Det er mange element som tilseier at det vil bli vanskelegare enn det ha vore før å drive den slags aktivitet, seier Krog.

Krog får støtte frå administrerande direktør Yngve Myhre i Røkke-selskapet Aker Seafood. Myhre seier friviljuge organisasjonar - som Greenpeace og WWF - har vore med på å presse fram tiltak mot ulovleg fiske.

Aker Seafood kjøper ikkje lenger fisk utan at seljaren kan dokumentere at fisken er lovleg fiska. Store butikkjeder er i ferd med å gjere det same.

— Det er veldig mange som har adoptert den innkjøpspolitikken og det er i ferd med å gjere det vanskelegare for dei som leverer svart fisk, seier Myhre.